Gå til innhold
English A A A
Emne MATDID201-P

Matematikkdidaktikk 1

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 7,5
Undervisningssemester Haust og vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk/dansk

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • gjere greie for teoriar som beskriv utvikling av matematiske omgrep og strukturen deira
  • bruke matematikkfagdidaktisk teori til å analysere eigen praksis, elevars tenking, undervisningsopplegg, læreplanar, læreverk og hjelpemiddel (som digitale verktøy)
  • eksemplifisere og bruke ulike representasjonsformer av matematiske omgrep og veksle mellom fagspråket og det naturlege språket for å kommunisere matematikkinnhald i undervisninga
  • eksemplifisere og bruke varierte undervisningsformer i matematikk
  • gjere greie for eit utvida kompetanseomgrep for matematikk og kunne bruke dette til å analysere eigen praksis
  • drøfte, eksemplifisere og bruke omgrep frå utvalde emne i realfagsdidaktikk på skolefaget matematikk. Desse emna omfattar mellom anna konstruktivisme og elevaktiv læring.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent for lærarutdanninga ved MN, studieveileder.laerer@mnfa.uib.no

Undervisningssemester

Haust og vår

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Undervisningsspråk

Norsk/dansk

Institutt

Matematisk institutt

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU

Mål og innhald

Matematisk kunnskap, kunnskapar om arbeidsmetodar i matematikk og forholdet mellom matematikk og andre samfunnsområde utgjer hovudgrunnlaget for læreplanane i matematikk i skolen. Fagdidaktikk for matematikk omfattar kunnskap om og refleksjon over matematikken sitt særpreg og konsekvensar for mål, innhald og arbeidsmåtar i opplæringa. Også kunnskapar om og refleksjon over forkunnskapar og kunnskapsutvikling hos elevane, og dessutan arbeids- og vurderingsformer knytt til læring i matematikk står sentralt.

Døme på emne som kan bli tekne opp:

- matematisk kompetanse

- diagnostiske oppgåver

- arbeidsformer

- matematikkhistorie

- digitale verktøy

- matematikkvanskar

- problemløysing

Emnet har fortrinnsvis fokus på ungdomstrinnet.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • gjere greie for teoriar som beskriv utvikling av matematiske omgrep og strukturen deira
  • bruke matematikkfagdidaktisk teori til å analysere eigen praksis, elevars tenking, undervisningsopplegg, læreplanar, læreverk og hjelpemiddel (som digitale verktøy)
  • eksemplifisere og bruke ulike representasjonsformer av matematiske omgrep og veksle mellom fagspråket og det naturlege språket for å kommunisere matematikkinnhald i undervisninga
  • eksemplifisere og bruke varierte undervisningsformer i matematikk
  • gjere greie for eit utvida kompetanseomgrep for matematikk og kunne bruke dette til å analysere eigen praksis
  • drøfte, eksemplifisere og bruke omgrep frå utvalde emne i realfagsdidaktikk på skolefaget matematikk. Desse emna omfattar mellom anna konstruktivisme og elevaktiv læring.

Obligatoriske arbeidskrav

To obligatoriske arbeidsoppgåver/aktivitetar (gyldig i to semester; inneverande og påfølgjande), i tillegg til oppgåve i realfagsdidaktikk.

Bestått rettleia praksis i skolen.

Vurderingsformer

Skriftleg oppgåve knytt til forelesingane i realfagsdidaktikk (tel 25 % av samla karakter). Må vere bestått for å kunne bestå emnet.

Skriftleg eksamen (4 t), ingen hjelpemiddel (tel 75 % av samla karakter).

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent for lærarutdanninga ved MN, studieveileder.laerer@mnfa.uib.no