Organanatomi

Fakta om studiet

EmnekodeMED1ANA
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHøst
Antall semester2
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for biomedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95

Emneansvarleg:

Terje Larsen, http://uib.no/personer/Terje.Larsen

Mål og innhald

Emnet omfattar makroskopisk og mikroskopisk anatomi av organa i kroppshola. Studiet baserer seg på ein teoretisk gjennomgang av alle organa når det gjeld makroskopi, embryologi og histologi, etterfølgt av praktiske kurs knytta til disseksjon av preparat og mikroskopi av snitt henta frå organ. I tillegg kjem overflateseminar som er eit praktisk kurs i framstilling av organa sin posisjon i høve til overflatestrukturar på levande menneske. Det er i tillegg ein klinisk, parallell førelesingsserie som i størst mogeleg grad er knytta opp mot emnet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Rundt 30 timar førelesingar om hausten, og 25 timar om våren. I tillegg kjem disseksjonskurs, overflateseminar og histologikurs (mikroskopi).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Disseksjonskurs, histologikurs og overflateseminar.

Undervisningssemester

Haust + vår (2 påfølgjande semester)

Krav til studierett

Medisinstudiet

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

Kunnskapar

  • Beskrive alle organa i kroppshola når det gjeld makroskopiske og mikroskopiske eigenskapar, og gjenkjenne ulike typar celler og vev.
  • Kople struktur og celletype til funksjonen av organet.
  • Gjere greie for placenta, vekst av fetus og embryologisk utvikling av dei ulike organa.
  • Ha grunnlag for å forstå korleis endra celle- og organstruktur kan gi opphav til sjukdom, og korleis sjukdomsprosessar kan påvirke strukturar og celler.

Ferdigheiter

  • Dissekere preparat.
  • Beherske lysmikroskop teknisk og få erfaring med å tankemessig å forstå korleis todimensjonale snitt kan representere ein romleg (3D) struktur.
  • Knytte kunnskap om organa sin makroskopiske og mikroskopiske anatomi samt embryologi til fysiologiske mekanismar, patologi og kliniske problemstillinger inkludert medfødte defektar som vil bli undervist i seinere emne.
  • Undersøke levende menneske og sjå på organa sin normale posisjon, storleik og form.

Generell kompetanse

  • Forhalde seg til daude kroppar (preparat) og organ på eit etisk og reflektert vis.
  • Nytte kunnskapene og ferdigheitene for vidare legeretta verksemd, som biletdiagnostikk, kirurgi og ulike perkutane teknikkar.

Vurderingsformer

4 timars skriftleg eksamen.

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mi side.