Fysiologi

Fakta om studiet

EmnekodeMED1ORGFYS
Studiepoeng20
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for biomedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95

Emneansvarleg:

Anne K Jonassen, http://uib.no/personer/Anne.Jonassen

Mål og innhald

Humanfysiologi er læra om menneskekroppen sin funksjon og omfattar integrerte prosessar i levande vev på kjemisk, molekylært, cellulært, organ- og heile kroppen sitt nivå.

Kurset omfattar organbiokjemi, organfysiologi (blod, hjarte, kar, lunger, mage-tarm, nyrer) og systemfysiologi (sirkulasjon, respirasjon, fordøying og ernæring, reproduksjon).

Det vert lagd vekt på integrert fysiologi og regulering av kroppen sitt indre miljø (temperaturregulering, energiomsetnad, væske-, salt- og syre/base-balanse, hormonfunksjon, arbeidsfysiologi, hypo- og hyperbar fysiologi).

I tillegg kjem kliniske førelesingar i tema innan klinisk patofysiologi (hjartesvikt, blødningssjokk, diabetisk ketoacidose, endokrinologi).

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

Kunnskapar

  • Forklare korleis menneskekroppen fungerer og kva for endringar og tilpassingar på molekylært, cellulært, organ- og heile kroppen sitt nivå som vert utløyst av:
    • Fysisk krevjande arbeid.
    • Påverknad av forskjellige ytre faktorar som omgivnadstrykk, temperatur, medikament og kjemiske substansar.
    • Nedsett funksjon i eit eller fleire organ eller organsystem.

Ferdigheiter

  • Gjere greie for korleis menneskekroppen fungerer og kva for endringar og tilpassingar på molekylært, cellulært, organ- og heile kroppen sitt nivå som vert utløyst av ulike stimuli.
  • Utføre utvalde fysiologiske eksperiment og analysere og forstå resultata frå desse eksperimenta.

Generell kompetanse

  • Evne å integrere kunnskap frå fleire fag og emne for å forklare korleis sjukdomar som hjartesvikt, astma og sukkersjuke og deira komplikasjonar kan oppstå, verte oppdaga og behandla.
  • Skriftleg og munnleg formidling av kompleks og samansett informasjon.
  • Vurdere vitskapeleg usikkerheit, motsetnader og hypotesar.

Undervisningssemester

Vår

Krav til studierett

Medisinstudiet og masterprogrammet i medisinsk biologi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Rundt 100 timar med førelesingar, og i tillegg kjem laboratoriekurs.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs med godkjend journal.

Vurderingsformer

5 timars skriftleg eksamen.

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mi side.