Hjem
Click

Utdanning

Masteremne

Allmennmedisin

Studienivå (studiesyklus)

Medisinstudiet 6. studieår

Undervisningssemester

Haust for A-kull

Vår for B-kull

Mål og innhald

Dette emnet høyrer til studieplanen frå 2005, som vi held på å avvikle. Siste semester for undervisning og ordinær vurdering/eksamen i emnet er våren 2018.

 Dersom det er studentar utan bestått resultat i emnet, vert det satt opp ny vurdering/eksamen for desse studentane hausten 2018 og våren 2019. Eventuelle studentar som ønsker å forbetre eit tidlegare resultat, kan ta eksamen dersom det vert satt opp ny eksamen for kandidatar utan bestått resultat.

Overordna mål:

Allmennmedisinske kunnskapar, dugleikar, haldningar og utøvd kompetanse.

Innhald:

Allmennmedisin er læra om handtering av sjukdommar og plager slik dei presenterer seg i førstelinetenesta. Frå eit medisinsk fagleg utgangspunkt gir allmennpraktikaren ein heilskap, der personleg og kontinuerleg helseomsorg for individet og familien er basert på ei biologisk, psykologisk og sosial individforståing. Faget omhandlar klinisk diagnostikk, behandling, oppfølging og førebygging av sjukdommar som vert ferdigbehandla i allmennpraksis og av tilstander som krevjar samhandling mellom ulike deler av helsevesenet. Andre sentrale disiplinar er klinisk kommunikasjon, konsultasjonen og lege-pasient-tilhøvet som arbeidsreiskap. Det sosiale særpreget til allmennmedisinen og allmennpraktikaren si særskilte innsikt i familie og lokalsamfunn hører også med.

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studentane

  • ha kunnskap om allmennmedisinske rammer og arbeidsmetodar
  • ha kunnskap om allmennlegens oppgåver som fastlege og i offentleg helsearbeid
  • ha kunnskap om livsløpet og konsekvensar for helse
  • ha kunnskap om dei vanlegaste akutte og kroniske sjukdommar samt organovergripande symptom hos ein heilt uselektert pasientpopulasjon
  • ha kunnskap om effektive tiltak som fremmer helse og førebygger sjukdom og funksjonssvikt
  • ha kunnskap om spesielle behov hos sårbare grupper

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studentane

  • mestre pasientsentrert konsultasjonsteknikk der klinisk kommunikasjon, oppbygging av konsultasjonen og lege-pasient-forhold er sentralt
  • kunne ta opp ein god anamnese og utføre ei klinisk allmennmedisinsk undersøking innan ulike fagområder
  • kunne avklare tidlige, ikkje-differensierte stadium av sjukdom og ta avgjørsler om enkle tilstander som kan ferdigbehandlas i allmennpraksis.
  • kunne ta stilling til kva for pasientar som skal visast til spesialisthelsetenesta og med kva hastegrad.
  • vere i stand til å følgje opp adekvat behandling av dei tilstander som er vanleg å handtera i allmennpraksis
  • vere i stand til å involvere pasient og pårørande i den diagnostiske prosess og plan for behandling og oppfølging

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studentane

  • forstå allmennmedisin som lavterskeltilbod ved alle typar helseproblem, og allmennlegens rolle som koordinator av ulike helsetenester basert på kontinuiteten i lege-pasient-forholdet
  • forstå betydinga av å kombinere medisinsk viten med kontekstuell kunnskap, respekt for pasientens eigenoppleving og ressursar som utgangspunkt for å yte allsidig helsehjelp
  • kunne forstå og delta i samhandling mellom ulike aktørar i primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta rundt pasientar med ulike problemstillingar
  • ha kunnskap til og kunne reflektere over vanlege etiske problemstillingar som leger møter i allmennpraksis
  • kunne forstå og reflektere over medisinens og egen feilbarlighet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga er studentsentrert, basert på dialog og refleksjon og er i betydelig grad opplevingsbasert.

Førelesingar

Klinikkar

Kurs

Seminar

Utplassering 20 dagar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Utplassering i allmennpraksis (4 veker), med obligatoriske innleveringer etter utplasseringa.
Konsultasjonskurs (2 dagar), videokonsultasjon i utplasseringa og videogjennomgang i gruppe etter utplasseringa.

Vurderingsformer

Undervisningsmetodar og eksamensformer er tilpassa kvarandre.

Krav for bestått kurs: godkjend arbeidsbok for utplasseringa.

Studentane sine kunnskapar, dugleikar, haldningar og klinisk kompetanse vert testa ved skriftlig (kasusbasert) eller munnleg (ein konsultasjon) eksamen i 6. studieår.

Ein nytter eksterne sensorar.

Tillatne hjelpemiddel: enkel kalkulator

Karakterskala

Karakterskala: A-F

Emneevaluering

Evaluering: studentane gir kategoribunden og fritekstevaluering, lærarkollegiet gir systematiske refleksjonar.

Oppfølging: Evalueringsresultata vert samanhaldne med undervisningsmål og innhald, og endringar vert fortløpande implementert. Studentar og lærarar vert haldne orienterte om konsekvensane av kvalitetsarbeidet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for globalhelse og samfunnsmedisin

e-post: studie@igs.uib.no tlf: 55 58 61 00

Emneansvarleg: Thomas Mildestvedt

http://www.uib.no/personer/Thomas.Mildestvedt

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Muntleg eksamen

    Eksamensperiode
    13.11.2017–17.11.2017
    Trekkfrist
    01.09.2017
  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    14.11.2017, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    01.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Skriftleg eller muntleg eksamen

    Trekkfrist
    01.09.2017