Hjem

Utdanning

PhD-kurs

Fordjuping i kvalitative forskingsmetodar og tradisjonar

Kursomtale

Undervisingsspråk

Norsk

Kursinnhald

Hovudmålet med kurset er å gjere kandidatane kjent med kvalitative metodar som vert brukt i helseforsking, som til dømes intervju og observasjon. Teoretisk grunnlag og praktiske øvingar vert vektlagt.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

  • Syne innsikt i og forståing for teoretiske og metodologiske føringar ulike kvalitative forskingstilnærmingar har rot i
  • Meistre grunnleggjande element, praktisk og teoretisk, i ulike kvalitative forskingsmetodar og - tilnærmingar
  • Vurdere føremoner med og bruksmåtar for ulike kvalitative forskingsmetodar og - tilnærmingar

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

  • Utvikle problemstillingar og forskingsdesign egna til å verte belyst med ulike typar kvalitative forskingsintervju og/eller ulike typar observasjon
  • Vurdere val av metodologisk ankring under planlegging av forskingsprosjekt
  • Nytte ulike typar kvalitative forskingsintervju og ulike typar observasjon på ein reflektert og etisk forsvarleg måte
  • Analysere publiserte, vitskaplege artiklar med tanke på aksepterte kvalitetskriterier knytt til relevans, truverd og overførbarheit
  • Reflektere over og utfordre vitskapleg ankra kunnskap på eige og tilgrensande fagområde

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

  • Gjennomføre kvalitativt orienterte forskingsprosjekt etter anerkjente kvalitetskriterier og med fagleg integritet
  • Identifisere etiske problemstillingar og problemfelt i kvalitative forskingstilnærmingar
  • Ha innsikt i mogelegheiter og avgrensingar i kvalitative tilnærmingar til helse - og sosialfagleg forsking

Undervisningsperiode

høst 2017

Litteraturliste:

Litteraturliste for 2017

Detaljert program for samlingene:

MEDKVFORSK program høst 2017

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding gjennom Studentweb innan 1. september.

Ph.d.-kandidatar ved eksterne institusjonar må søkja hospitantrett, frist 1. september: http://www.uib.no/mofa/65544/skjemaer-og-avtaler-forskerutdanningen

Utan opptak i eit phd-program gjeld følgjande for hospitantstudierett, frist 1. juni: http://www.uib.no/mofa/66215/hospitantstudierett-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Vurderingsform

Munnleg gruppeframlegg på bakgrunn av obligatorisk gruppeoppgåve som kandidatane har arbeidd med mellom samlingane. Munnleg framlegg har bakgrunn i eit skriftleg svar på oppgåva frå gruppa. Gruppeoppgåva er kritisk analyse av vitskapleg artikkel. Framlegget vert vurdert til bestått/ikkje-bestått.

Kven kan delta

ph.d-kandidatar

Minimum 10 - inntil 20 deltakere

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Obligatorisk frammøte til samlingane, samt obligatorisk gruppearbeid mellom samlingane og gruppepresentasjon på siste samling.

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

e-post: studie@igs.uib.no

Emneansvarleg:

Eva Gjengedal: http://www.uib.no/personer/Eva.Gjengedal

Målfrid Råheim: http://www.uib.no/personer/Malfrid.Raheim

Fagleg ansvar

Kurset arrangeres i samarbeid mellom Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen, Høgskolen i Molde og VID vitenskapelige høgskole

Kjernelitteratur

Bøker, artiklar, gruppeøvingar, skriftlige oppgåver og gruppeframlegg. 

Undervisningsperiode

høst 2017

Litteraturliste:

Litteraturliste for 2017

Detaljert program for samlingene:

MEDKVFORSK program høst 2017