Patologi, A-kull

Fakta om studiet

EmnekodeMEDPAT-A
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester3
Ressursar
TilhørerKlinisk institutt 1

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med studiekonsulenten ved Seksjon for patologi, Klinisk institutt 1: studie@kliniskmedisin.uib.no

Mål og innhald

Faget omfattar læra om sjukdomsprosessar og dei tilhøyrande morfologiske endringane i kroppen sine organ. Undervisninga er delt inn i generell og spesiell patologi.

I den generelle delen får ein innføring i grunnleggjande sjukdomsomgrep. Dessutan vil studenten få innsikt i dei viktigaste generelle sjukdomstypane som til dømes betennelse, aterosklerose og svulstar. Spesiell patologi byggjer på det som vert undervist i den generelle delen. Her lærer ein korleis sjukdomsomgrepa og sjukdomsprosessane kjem til uttrykk i dei organa som vert ramma.

Både i generell og spesiell patologi vil undervisning om mikroskopiske og makroskopiske forandringar i celler og vev som følgje av sjukdom stå sentralt. Dette skal gjere at studenten kan danne seg konkrete bilete av dei endringane i kroppen som sjukdom fører til.

Undervisningssemester

Undervisninga er fordelt på tre semester ved byrjinga av andre avdeling.

Studienivå

Profesjonsstudiet i medisin, andre avdeling.

Krav til forkunnskapar

Studentane må ha kunnskap om anatomi og histologi tilsvarande undervisninga i første avdeling av medisinstudiet. Eksamen i desse faga må vere bestått

Undervisning og omfang

Undervisninga strekkjer seg over tre semester, med til saman 40 timar førelesningar, 34 timar kurs, 6 timar gruppeundervisning og 12 timar makrodemonstrasjonar. Mykje sjølvstudium er ein føresetnad. Kollokvering vert tilrådd.

Obligatoriske arbeidskrav

Kurs, gruppeundervisning og makroundervisning er obligatoriske

Vurderingsformer

Det er to eksamenar i emnet.

Deleksamen (MEDPAT1): Etter den generelle delen av undervisninga i første parakliniske blokk, vil det bli gitt ein nettbasert delprøve der studenten skal svare på seks spørsmål frå generelle patologi. Denne rpøva tel som 3 studiepoeng og må vere bestått før ein kan gå opp til slutteksamen i patologi.

Slutteksamen (MEDPAT-A, MEDPAT-B): Denne tel som 10 studiepoeng, går over to dagar og vert gitt mot slutten av fjerde parakliniske blokk. Første dag er ein firetimars skriftleg eksamen med fire oppgåver frå generell og spesiell patologi. Andre dag vil studentane få ein praktisk titimars eksamen med vanlegvis 36 oppgåver og to spørsmål (A,B) på kvar oppgåve. I A-spørsmålet skal studenten stille ein diagnose ut frå sjukdomsendringar i eit fiskert organ, eit bilete ellet eit histologisk snitt. B-spørsmålet er tematisk knytta til A-spørsmålet, vil spenne over heile faget si bredd og skal svarast kortfatta på.

Karakterskala

Deleksamen etter 1.parakliniske blokk: Bestått - Ikkje bestått.

Slutteksamen etter 4.parakliniske blokk: Karakterskala A-F

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instuttet sitt kvalitetssikringssystem, basert på eit elektronisk skjema