Patologi, B-kull
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Undervisninga er fordelt på tre semester ved byrjinga av andre avdeling |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Studentane må ha kunnskap om anatomi og histologi tilsvarande undervisninga i første avdeling av medisinstudiet. Eksamen i desse faga må vere bestått.
Læringsutbyte
Kunnskapar:
- Kjenne til prinsippa for generelle sjukdomsprosessar inkludert terminologi og definisjonar
- Kjenne til sjukdomsårsakar (etiologi) og -mekanismer (patogenese)
- Kjenne til korleis dei vanligaste sjukdomane kjem til uttrykk i kvart organ, både mikroskopisk og makroskopisk
- Kjenne til sentrale prosessar og kjenneteikn for kreft- og kreftutvikling
- Kunne skilje mellom normale og klart patologiske vev og organ, både mikroskopisk og makroskopisk
- Kunne gjere greie for samanhengen mellom pasientens sjukehistorie og dei funn ein gjer i celler, vev og organ
- Kunne gjere greie for kva som kjenneteiknar godarta og ondarta svulstar
- Kunne forstå patologi-rapportar som svar på innsende prøver
- Forstå at kjennskap til patologiske endringar i celler, vev og organ er grunnleggjande for legen sin kunnskap om sjukdom
- Kunne kommunisere med patolog om undersøkelser og funn i samband med pasientdiagnostikk
Kontaktinformasjon
For meir informasjon, ta kontakt med studiekonsulenten ved Seksjon for patologi, Gades institutt.
Undervisningssemester
Undervisninga er fordelt på tre semester ved byrjinga av andre avdeling
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Profesjonsstudiet i medisin, andre avdeling
Institutt
Gades institutt
Mål og innhald
Faget omfattar læra om sjukdomsprosessar og dei tilhøyrande morfologiske endringane i kroppen sine organ. Undervisninga er delt inn i generell og spesiell patologi.
I den generelle delen får ein innføring i grunnleggjande sjukdomsomgrep. Dessutan vil studenten få innsikt i dei viktigaste generelle sjukdomstypane som til dømes betennelse, aterosklerose og svulstar. Spesiell patologi byggjer på det som vert undervist i den generelle delen. Her lærer ein korleis sjukdomsomgrepa og sjukdomsprosessane kjem til uttrykk i dei organa som vert ramma.
Både i generell og spesiell patologi vil undervisning om mikroskopiske og makroskopiske forandringar i celler og vev som følgje av sjukdom stå sentralt. Dette skal gjere at studenten kan danne seg konkrete bilete av dei endringane i kroppen som sjukdom fører til.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar:
- Kjenne til prinsippa for generelle sjukdomsprosessar inkludert terminologi og definisjonar
- Kjenne til sjukdomsårsakar (etiologi) og -mekanismer (patogenese)
- Kjenne til korleis dei vanligaste sjukdomane kjem til uttrykk i kvart organ, både mikroskopisk og makroskopisk
- Kjenne til sentrale prosessar og kjenneteikn for kreft- og kreftutvikling
- Kunne skilje mellom normale og klart patologiske vev og organ, både mikroskopisk og makroskopisk
- Kunne gjere greie for samanhengen mellom pasientens sjukehistorie og dei funn ein gjer i celler, vev og organ
- Kunne gjere greie for kva som kjenneteiknar godarta og ondarta svulstar
- Kunne forstå patologi-rapportar som svar på innsende prøver
- Forstå at kjennskap til patologiske endringar i celler, vev og organ er grunnleggjande for legen sin kunnskap om sjukdom
- Kunne kommunisere med patolog om undersøkelser og funn i samband med pasientdiagnostikk
Krav til forkunnskapar
Studentane må ha kunnskap om anatomi og histologi tilsvarande undervisninga i første avdeling av medisinstudiet. Eksamen i desse faga må vere bestått.
Undervisning og omfang
Undervisninga strekkjer seg over tre semester, med til saman 40 timar førelesningar, 34 timar kurs, 6 timar gruppeundervisning og 12 timar makrodemonstrasjonar. Mykje sjølvstudium er ein føresetnad. Kollokvering vert tilrådd.
Obligatoriske arbeidskrav
Kurs, gruppeundervisning og makro er obligatorisk
Vurderingsformer
Det er to eksamenar i emnet.
Deleksamen (MEDPAT1): Etter den generelle delen av undervisninga i første parakliniske blokk, vil det bli gitt ein nettbasert delprøve der studenten skal svare på seks spørsmål frå generelle patologi. Denne prøva tel som 3 studiepoeng og må vere bestått før ein kan gå opp til slutteksamen i patologi.
Slutteksamen (MEDPAT-A, MEDPAT-B): Denne tel som 10 studiepoeng, går over to dagar og vert gitt mot slutten av fjerde parakliniske blokk. Første dag er ein firetimars skriftleg eksamen med fire oppgåver frå generell og spesiell patologi. Andre dag vil studentane få ein praktisk totimars eksamen med vanlegvis 36 oppgåver og to spørsmål (A, B) på kvar oppgåve. I A-spørsmålet skal studenten stille ein diagnose ut frå sjukdomsendringar i eit fiksert organ, eit bilete eller eit histologisk snitt. B-spørsmålet er tematisk knytta til A-spørsmålet, vil spenne over heile faget si breidd og skal svarast kortfatta på.
Karakterskala
Deleksamen etter 1. parakliniske blokk: Bestått - Ikkje bestått.
Slutteksamen etter 4. parakliniske blokk: Karakterskala A-F
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem, basert på eit elektronisk skjema
Kontaktinformasjon
For meir informasjon, ta kontakt med studiekonsulenten ved Seksjon for patologi, Gades institutt.