Gå til innhold
English A A A
Emne MET102

Samfunnsvitskapleg metode

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust og vår
Fagleg overlapp

Det er full poengreduksjon mellom 102-metodeemnet i sosiologi, samanliknande politikk og administrasjon og organisasjonsvitskap.

Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Læringsutbyte

Studentar som har gjennomført kurset skal kunne gjere greie for grunnleggjande omgrep innan samfunnsvitskapeleg metode. Dei skal kunne gjere velbegrunna metodeval, og gjere kritiske vurderingar av kjelder og data. Studentane skal kunne gjennomføre kvalitative intervjuer, kvalitative tekstanalyser, tabellanalyse, korrelasjonsanalyse og regresjonsanalyse. Dei skal dessutan ha kjennskap til mellom anna observasjon som metode, komparativ metode, historisk metode og case studiar. Studentane skal vere kjent med etiske problemstillingar i samfunnsvitskapleg forskning.

Kontaktinformasjon

Iver Midgard Fiksdal (Iver.Fiksdal@isp.uib.no)

Undervisningssemester

Haust og vår

Eksamenssemester

Haust og vår

Undervisningsspråk

Norsk

Institutt

Emnet er eit samarbeid mellom Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Institutt for samanliknande politikk og Sosiologisk institutt.

Mål og innhald

Studentane skal gjennom kurset tileigne seg grunnleggjande kunnskap og øving innan samfunnsvitskapleg metode. Siktemålet er å gi studentane forståing for vitskaplege arbeidsmåtar som grunnlag for vidare arbeid med faget, samt å gi dei innsikt i konkrete forskningsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis.

Kurset gir ei generell innføring i samfunnsvitskaplege metodar, med vekt på ulike opplegg for innsamling og analyse av forskjellige typar data. I kurset vert m.a. casestudier, historisk metode, komparativ metode, regresjonsanalyse og diskursanalyse, gjennomgått.

Læringsutbyte/resultat

Studentar som har gjennomført kurset skal kunne gjere greie for grunnleggjande omgrep innan samfunnsvitskapeleg metode. Dei skal kunne gjere velbegrunna metodeval, og gjere kritiske vurderingar av kjelder og data. Studentane skal kunne gjennomføre kvalitative intervjuer, kvalitative tekstanalyser, tabellanalyse, korrelasjonsanalyse og regresjonsanalyse. Dei skal dessutan ha kjennskap til mellom anna observasjon som metode, komparativ metode, historisk metode og case studiar. Studentane skal vere kjent med etiske problemstillingar i samfunnsvitskapleg forskning.

Tilrådde forkunnskapar

SOS100 Invitasjon til sosiologi, og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkemåtar

Fagleg overlapp

Det er full poengreduksjon mellom 102-metodeemnet i sosiologi, samanliknande politikk og administrasjon og organisasjonsvitskap.

Undervisning og omfang

Førelesingar, seminar, kollokvie og laboratoriearbeid i PC-stover.

Talet på førelesingstimar: rundt 36

Talet på seminar/kollokvietimar: 20-24

Obligatoriske arbeidskrav

Innlevering av fire øvingsoppgåver, to i kvalitative og to i kvantitative metodar. Oppgåvene er obligatoriske og skal være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra.

Vurderingsformer

Seks timers skriftleg eksamen (09:00-15:00).

Tillatte hjelpemiddel på eksamen:

Kalkulator. Kun følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Fagleg ansvarleg for MET102 kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

A-F

Kontaktinformasjon

Iver Midgard Fiksdal (Iver.Fiksdal@isp.uib.no)