Medienes publikum: mediebruk og meiningsdanning
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | Emnet overlappar 15 studiepoeng med det gamle medievitskap grunnfag (MEVIG). |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studenten skal ha tileigna seg oversyn over sentrale forskingstradisjonar i publikumsforskinga, og kunna gjera greie for teoriar om korleis folk brukar mediene og kva dei får ut av bruken. Studenten skal også ha tileigna seg tilstrekkeleg kunnskap til å føreta ei kritisk vurdering av dei metodane som vert brukt i publikumsforskinga. Vidare skal studenten ha opparbeidd ei forståing for kva medier, som teknologi og som tekstar, betyr for kultur- og samfunnsutviklinga, m.a. i eigenskap av forum for offentleg kommunikasjon der meiningar og verdiar blir formidla, forhandla og reforhandla.
Kontaktinformasjon
studieveileder@media.uib.no
Undervisningssemester
Vår
Eksamenssemester
Haust/vår
Undervisningsspråk
Norsk
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitskap
Krav til studierett
Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Mål og innhald
Målet er å gi studentane ei oversikt over - og forståing av -teoriar og metodar for analyser av media sitt publikum.
Dette emnet tar i hovudsak opp forholdet mellom media og deira publikum. Emnet introduserer sentrale teoriar om korleis folk bruker mediene og kva dei får ut av den bruken, og dette vert knytt opp mot konkrete undersøkingar. Emnet går vidare inn på kva medier, som teknologi og som tekster, betyr for kultur og samfunnsutviklinga. Emnet legg vekt på mediene si rolle som vår tids viktigaste forum for offentleg kommunikasjon der meiningar, verdiar etc. vert formidla, forhandla og reforhandla. Dessutan vert det gitt ei oversikt over ulike analysemetodar som vert nytta på dette feltet.
Læringsutbyte/resultat
Studenten skal ha tileigna seg oversyn over sentrale forskingstradisjonar i publikumsforskinga, og kunna gjera greie for teoriar om korleis folk brukar mediene og kva dei får ut av bruken. Studenten skal også ha tileigna seg tilstrekkeleg kunnskap til å føreta ei kritisk vurdering av dei metodane som vert brukt i publikumsforskinga. Vidare skal studenten ha opparbeidd ei forståing for kva medier, som teknologi og som tekstar, betyr for kultur- og samfunnsutviklinga, m.a. i eigenskap av forum for offentleg kommunikasjon der meiningar og verdiar blir formidla, forhandla og reforhandla.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på MEVI100. Studentar som ikkje har MEVI100 bør setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart.
Fagleg overlapp
Emnet overlappar 15 studiepoeng med det gamle medievitskap grunnfag (MEVIG).
Undervisning og omfang
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og oppgåveseminar. Førelesingane er i hovudsak teoretisk orienterte, men inkluderer ein introduksjon til både kvantitativ og kvalitativ metode. Seminaret er retta inn mot løysing av øvingsoppgåver med utgangspunkt i pensum. Seminaret kan vere IKT-støtta.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei metodeoppgåve på 10-15 sider med rapport frå det empiriske arbeidet. Metodeoppgåva vert normalt skrivne i grupper.
Oppmøte på seminar og levering av 6 øvingsoppgåver i tilknyting til seminar er også obligatorisk. Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Seks timars skriftleg skuleeksamen.
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år
Kontaktinformasjon
studieveileder@media.uib.no