Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Dokumentar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane teoretisk og analytisk kunnskap om dokumentarfilm, og praktiske ferdigheiter i dokumentarproduksjon. Studentane skal ha kunnskap om sentrale teoriar om dokumentarsjangeren, og om dei historiske hovudlinjene.

Gjennom ei forelesingsrekke tilbyr emnet ei innføring i teoretiske og historiske perspektiv på dokumentaren i film og fjernsyn. I tillegg skal studentane arbeide med eigne produksjonar i grupper sett saman av studentar frå film&tv-produksjon og journalistikk. Kvar gruppe skal produsere ein minidokumentar. Arbeidet skal gi innsikt i og erfaring med produksjonsprosessen frå idéutvikling og manusskriving til produksjon og postproduksjon, samt gi meir spesialiserte produksjonstekniske og journalistiske ferdigheiter i til dømes intervjuteknikk, foto, lyd og etterarbeid.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten:

  • ha teoretisk, analytisk og praktisk kunnskap om, og ferdigheter i, dokumentarproduksjon
  • ha kunnskap om sentrale teoridanningar og historiske hovudlinjer i dokumentarsjangeren
  • ha kunnskap om produksjonsprosessen, og evne til å nytta desse innsiktene i eige arbeid
  • vera i stand til å reflektera kritisk rundt etiske problemstillingar knytt til arbeid med dokumentarfilm
  • ha god kunnskap om dokumentariske konvensjonar og verkemiddel, og vera i stand til å nytta dette i eige arbeid

Tilrådde forkunnskapar

INFOMEVI106

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogramma i journalistikk og film & tv.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, teknisk trening og workshops.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i den tekniske opplæringa og på den praktiske produksjonen. Munnleg presentasjon av produksjonen i grupper på fellesvisning.

Vurderingsformer

 Mappevurdering. I mappa inngår

  • ein gruppeproduksjon (mini-dokumentar)
  • ein produksjonsrapport utforma av gruppa i fellesskap

Arbeida i mappa vert vurdert samla.

Karakterskala

Bestått/ Ikkje bestått

Fagleg overlapp

Full overlapp mot det nedlagte emnet MEVI166

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappeevaluering

    Innleveringsfrist
    06.12.2017, 14:00
    Trekkfrist
    20.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Gruppeproduksjon

    • Eksamensdel: Gruppebasert produksjonsrapport