Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Medieinstitusjonar: Marknad og demokrati

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med dette fordjupingsemnet er å styrka studentane sin teoretiske, metodiske og empiriske kunnskap om tradisjonelle og nyare medieinstitusjonar, også med utspring i digitale medier innanfor og på tvers av landegrensar. Vidare skal studentane ta i bruk denne kunnskapen kritisk for å forklare og forstå medieinstitusjonane frå eit historisk og samfunns-perspektiv og i lys av endring og kontinuitet. Dette inneber å få ein grundig innsikt i medieinstitusjonane sin plass i mediestrukturen, samt deira rolle i samfunnet sett i høve til andre sentrale samfunnsinstitusjonar. Samfunnsinstitusjonar består av både strukturar og praksisar, og medieinstitusjonar skil seg ut gjennom si dobbeltrolle som aktør i både marknaden og i den demokratiske samfunnsutviklinga. Det blir lagt vekt på klassiske så vel som nyare teoretiske tradisjonar og dei sentrale metodiske tilnærmingane innan forsking på medieinstitusjonar, nasjonalt og internasjonalt.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • diskutera tradisjonelle og nyare medieinstitusjonar si rolle i samfunnet og i lys av andre sentrale samfunnsinstitusjonar
  • reflektera over endringar i det medieinstitusjonelle feltet, og korleis politiske, sosiale, kulturelle og økonomiske aspekt bidreg til slik endring.
  • analysera medieinstitusjonar ved bruk av metodiske tilnærmingar som er sentrale i forskinga
  • ta i bruk sentrale teoretiske perspektiv for å forklara og forstå medieinstitusjonane si utvikling og rolle i samfunnet, i eit historisk og samfunns- perspektiv, og framstilla dette i eit sjølvstendig skriftleg arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen, men kurset byggjer vidare på MEVI101 - MEVI104, fyrst og fremst MEVI101

Tilrådde forkunnskapar

Ingen, men kurset byggjer vidare på MEVI101 - MEVI104, fyrst og fremst MEVI101

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, ca. 16-20 timar, og seminar, ca. 16 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend seminaroppgåve og ¿deltaking. Godkjent pensumtest. Godkjende arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 4 dagar. Oppgåva skal vera på 4500 ord +/- 10%, ekskludert innhaldsliste og litteraturliste.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Full sperre mot MEVI221B.

Vurderingssemester

Vår/haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. år

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    22.09.2017, 12:00
    Trekkfrist
    04.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen