Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Mediebruk og meiningsdanning

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet med dette fordjupingsemnet er å styrka studentane sin kunnskap om medias publikum, om mediebruk og meiningsdanning. Emnet tar særskilt for seg endringar i bruken knytt til digitale media, og gir studentane innsikt i lokale så vel som globale kontekstar for mediebruk. Emnet gir kritiske perspektiv på mediebruk sett i høve til tema som kjønn, klasse, etnisitet og digitale skiljeliner. Det gis ei fordjuping i sentrale metodiske tilnærmingar, men og ei innføring i metodar som er særskilt relevante for å studera nye former for mediebruk. Gjennom arbeidet legg ein vekt på metodisk refleksjon og på samanhengane mellom kvantitative og kvalitative tilnærmingar, samt tilhøvet mellom teori og metode.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • diskutera mediebruk og meiningsdanning med eit kritisk perspektiv
  • reflektera over endringar i mediebruken over tid knytt til samfunnsmessige skiljeliner
  • analysera bruken av media ved hjelp av metodiske tilnærmingar som er sentrale i forskinga
  • nytta sentrale metodar for å forklare og forstå mediebruk historisk og i eit samfunnsperspektiv, og framstille dette i et sjølvstendig skriftleg arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen, men kurset byggjer vidare på MEVI101 - MEVI104, fyrst og framst MEVI102

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, ca. 16-20 timar, og seminar, ca. 16 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend seminaroppgåve og ¿deltaking. Godkjent pensumtest. Godkjende arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 4 dagar. Oppgåva skal vera på 4500 ord +/- 10%, ekskludert innhaldsliste og litteraturliste.

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

Full sperre mot MEVI222B

Vurderingssemester

Haust/Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. år

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Hjemmeeksamen

    Innleveringsfrist
    24.11.2017, 12:00
    Trekkfrist
    06.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen