Manusutvikling og spesialisering
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | Ingen |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studenten har brei kunnskap om faglege problemstillinger, kreative prosesser og tekstlege konvensjonar knytt til manusskriving for fiksjon og dokumentar. Studentene kjenner til viktige bidrag innan fagfeltet både nasjonalt og internasjonalt, og har kunnskap om korleis det har utvikla seg historisk. Han/ho kan bruke kunnskapen til å skrive eige kortfilmmanus, og gi faglege vurderingar av andre sine manus. Studenten har kunnskap om naudsynte ferdigheiter og teknikkar i ein sjølvalgt fagfunksjon innan film- og tv-produksjon (regi, produksjon, foto, lyd, klipp). Han/ho meistrar relevante oppgåver og teknikker (som utstyr og programvare) til å fylle den aktuelle fagfunksjonen i ein produksjon. Studenten kan planlegge og gjennomføre eit mindre prosjektarbeid i ei gruppe.
Kontaktinformasjon
studieveileder@media.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitskap
Krav til studierett
Emnet er reservert studentar på bachelorprogrammet i film & tv-produksjon
Mål og innhald
Målet med emnet er å styrkje studentane sine tekstanalytiske evner - særleg med tanke på analyse av manus. Det skal vidare gi kreativ og analytisk skrivetrening med særleg omsyn til fiksjon (kortfilm) og dokumentar. Emnet skal gi innsikt i produksjonsprosessen for kortfilm og dokumentar. I tillegg er målet å gi studentane spesialisering innan eitt av fleire arbeidsfelt (fagfunksjonar) i ein produksjon. Studentane skal i grupper lage ein mindre kortfilm eller dokumentar basert på egne ideer og manus. Dette er ei øving som også skal forebu produksjonen i det siste semesteret.
Læringsutbyte/resultat
Studenten har brei kunnskap om faglege problemstillinger, kreative prosesser og tekstlege konvensjonar knytt til manusskriving for fiksjon og dokumentar. Studentene kjenner til viktige bidrag innan fagfeltet både nasjonalt og internasjonalt, og har kunnskap om korleis det har utvikla seg historisk. Han/ho kan bruke kunnskapen til å skrive eige kortfilmmanus, og gi faglege vurderingar av andre sine manus. Studenten har kunnskap om naudsynte ferdigheiter og teknikkar i ein sjølvalgt fagfunksjon innan film- og tv-produksjon (regi, produksjon, foto, lyd, klipp). Han/ho meistrar relevante oppgåver og teknikker (som utstyr og programvare) til å fylle den aktuelle fagfunksjonen i ein produksjon. Studenten kan planlegge og gjennomføre eit mindre prosjektarbeid i ei gruppe.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MEVI106/INFOMEVI106 og MEVI153
Fagleg overlapp
Ingen
Undervisning og omfang
Førelesingar, workshops og gruppearbeid
Obligatoriske arbeidskrav
Obligatoriske øvingar knytt til undervisning i manusutvikling. Gjennomføring av kurs i spesialisering.
Vurderingsformer
Studentane blir evaluerte på grunnlag av deltaking i obligatorisk undervisning og obligatoriske praktiske øvingar. Vurderingsuttrykket er "bestått" eller "ikkje bestått".
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Emneevaluering
Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.
Kontaktinformasjon
studieveileder@media.uib.no