Gå til innhold
English A A A
Emne MEVI261

Praksis i medie- eller informasjonsverksemd

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Ingen. Opptaket er avgrensa.

Læringsutbyte

Kurset organiserer ein to månaders lang ekstern praksis i eit nyheitsmedium i Bergen eller andre byar og tettstader i Noreg. Studenten skal bli førebudd på korleis bransjen fungerer i praksis, både når det gjeld faglege forhold som idéutvikling, kjeldebruk og presentasjon, til arbeidsvilkår, sosiale forhold i redaksjonen og takling av hierarkiet i organisasjonen. Gjennom journalistisk praksis får studenten øving i nyhendeproduksjon og ferdigheiter i å kunne reflektera over denne praksisen. Infomedia har fast avtale med mellom andre Bergens Tidende, TV2, Haugesunds Avis, Aftenposten og avisa Hordaland.

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på bachelorprogrammet i journalistikk.

Mål og innhald

Kurset skal gi studentane høve til å praktisere tileigna kunnskapar i ein praksissituasjon. Målet er at studentane får erfaring med arbeidet som journalist i praksis. Emnet omfattar ein praksisperiode over eit lengre tidsrom der studenten tek del i ulike arbeidsoppgåver innan journalist- eller informasjonsverksemd. Studentane får rettleiing gjennom heile praksisperioden.

Læringsutbyte/resultat

Kurset organiserer ein to månaders lang ekstern praksis i eit nyheitsmedium i Bergen eller andre byar og tettstader i Noreg. Studenten skal bli førebudd på korleis bransjen fungerer i praksis, både når det gjeld faglege forhold som idéutvikling, kjeldebruk og presentasjon, til arbeidsvilkår, sosiale forhold i redaksjonen og takling av hierarkiet i organisasjonen. Gjennom journalistisk praksis får studenten øving i nyhendeproduksjon og ferdigheiter i å kunne reflektera over denne praksisen. Infomedia har fast avtale med mellom andre Bergens Tidende, TV2, Haugesunds Avis, Aftenposten og avisa Hordaland.

Krav til forkunnskapar

Ingen. Opptaket er avgrensa.

Undervisning og omfang

Rettleiing under praksisperiode

Obligatoriske arbeidskrav

Obligatorisk gjennomføring, oppgåver

Vurderingsformer

Evaluering av praksisperiode og oppgåver etter karakteren "bestått" - "ikkje bestått".

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Emneevaluering

Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no