Sport, medier og journalistikk

Fakta om studiet

EmnekodeMEVI319
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår, Haust
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for informasjons- og medievitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Mål og innhald

Kurset tar for seg mediesporten frå ulike perspektiv - frå breie historiske oversikter til analyser av sport i ulike medier som dagsaviser, fjernsyn, radio, film, litteratur, dataspill med meir. Vi skal ta for oss korleis sporten og den sine myter medierast og visast fram for ulike publikum i ulike samanhengar, og korleis denne medieringen er forankra i utviklinga av populærjournalistikk og ein ny type eksponeringsindustri.

Sidan slutten på 1800-tallet, og særskilt etter framveksten av satellitt- og kabel-TV finnes det ein type symbiose mellom sport og medier. Medieutviklinga har ført til at sporten har utvikla seg til ein milliardindustri, og blitt del av underholdningsbransjen.


I medier som presse, radio, TV og internett har sporten mellom anna utvikla seg til ein føljetongsdramatikk, ein dokumentarsåpe, der ein kan følgje stjernene sine liv på og utanfor konkurransearenaen, i glede og i sorg. På grunn av sin store verdi som underholdningsindustri omgis deler av sporten av eit omfattande marknadsføringsapparat der det handlar om å eksponere sporten, men også ulike typar produkt, varemerkar og sponsorar. I dette forholdet mellom sport og medier ligg det både historiske, sosiale, kulturelle, ideologiske, psykologiske og økonomiske aspekt.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning i form av 12-15 førelesingar. Det kan bli tilbydd rettleiing for studentar som vel emneoppgåve som eksamensform. Dette vert fastsett av emneansvarleg ved oppstart av kurset.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

3 individuelle oppgåver, kvar på 2-4 sider.

Arbeidskrava vert vurderte som godkjende/ikkje godkjende. Godkjende arbeidskrav har ingen tidsavgrensing.

Undervisningssemester

Vår/haust

Studienivå (studiesyklus)

Master

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på masterprogrammet i medievitskap. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal kandidaten kunne

  • gjere greie for sport i ulike medier som dagsaviser, fjernsyn, radio, film, litteratur, dataspill med meir
  • drøfte sosiale, kulturelle, ideologiske, psykologiske og økonomiske aspekt ved sport og medier
  • forklare kritisk korleis sporten sine myter medierast og visast fram for ulike publikum i ulike samanhengar, og korleis medieringa er forankra i utviklinga av populærjournalistikk og ein ny type eksponeringsindustri
  • analysere kritisk medieringa av sportsinnhald i ulike media
  • analysere problemstillingar knytt til sport og medier sjølvstendig og kritisk

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande.

Vurderingsformer

Eksamen er ei emneoppgåve.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.