Hjem
Click

Utdanning

Masteremne

Medieteknologi: teori og utvikling

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet er eit introduksjonsemne til masterprogrammet i medie- og interaksjonsdesign. Målet med emnet er

å gi studentane kritisk og kreativ kunnskap om avanserte medieteknologiske konsept og system.

Modul 1: Undervisninga i dette emnet vil fokusere på eit teknologisk konsept (til dømes visualisering, kunstig intelligens, eller 3D-modellering) som vil fungere som eit case gjennom semesteret. Studentane skal fordjupe seg i og diskutere teknologifilosofi som setter den utvalgde teknologien i ulike perspektiv, og dei skal utforske og eksperimentere praktisk med den aktuelle teknologien med mål om å utvikle nye applikasjonsområder for denne.

Gjennom teoretisk innsikt skal studentane bli i stand til å utfordre måten man nyttar teknologien på i dag, og gjennom praktiske øvingar knytt opp til moderne metodar for programvareutvikling vil studentane bli i stand til å designe og utvikle nye måtar å nytte den aktuelle teknologien på.

Modulen er workshopbasert, og workshoppane integrerer teori og praksis.

Modul 2 (frukostseminar): I det første og andre semesteret av masterutdanninga følgjer studentane óg ei serie frukostseminar, kor dei møter masterstudentane frå dei andre profesjonsorienterte medieprogramma, MASV-JOU og MASV-MAN, for og å snakke om prosjektidear og starte potensielle prosjekt på tvers av programma. Frukostseminara kan òg inkludere gjesteforelesarar. Programmet for seminaret blir avgjort i samband med studentane, og er òg ein arena kor studentane og lærarane saman kan avgjere tema og organisering av fellesworkshoppar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten

  • Kan anvende konsept og prinsipp, knytt til teknologifilosofi, mediedesign, interaksjonsforsking og innovasjonsteori til kritisk diksusjon og analyse av medieteknologiar.
  • Har spesialisert kunnskap om programvareutvikling knytt til eit særleg medieteknologisk konsept.

Dugleikar

Studenten

  • Kan analysere medieteknologi med fokus på korleis design verker inn på interaksjon og brukaroppleving.
  • Kan identifisere og diskutere problemstillingar og utfordringar for design av medieteknologi i dag, med fokus på interaksjon.
  • Kan velje hensiktsmessige verkty og teknikkar for programvareutvikling.
  • Kan vurdere dei sosiokulturelle implikasjonane knytte til interaktive media og brukargenerert innhald

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan med utgangspunkt i ein valt teknologi utføre sjølvstendig utviklingsarbeid.
  • Kan planleggje og utføre eit prosjekt innan programvareutvikling i samband med andre.
  • Kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar innan brukaroppleving, mediedesign og interaksjonsdesign for media
  • Kan kommunisere om faglege teoretiske og praktiske knytt til medieteknologi og mediedesign, med særleg fokus på interaksjon.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i medie- og interaksjonsdesign, nye medier, interaksjonsdesign, informasjonsvitskap eller tilsvarande.

Krav til studierett

Reservert for studentar på masterprogram i medie- og interaksjonsdesign

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesing, frukostseminar og workshops (om lag 100 t).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Modul 1: Studentane skal gje ein 10 minutt munnleg presentasjon der dei diskuterer case-teknologien med utgangspunkt i eit av dei teoretiske perspektiva og levere inn minimum to (2) oppgåver.

Modul 2: Det er obligatorisk deltaking i 50% av frukostseminara.

Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Studentane leverer inn ei individuell emneoppgåve på 5000-7000 ord, ekskludert vedlegg og litteraturliste, der dei nyttar teori for å kaste lys over dei praktiske oppgåvene.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Emneoppgåve

    Innleveringsfrist
    06.12.2017, 14:00
    Trekkfrist
    20.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen