Gå til innhold
English A A A
Emne MKU250

Bacheloroppgåve i Midtaustenprogrammet

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Emnet blir undervist i vårsemester.
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningssemester

Emnet blir undervist i vårsemester.

Læringsmål

Emnet skal gje djupare innsikt i spesialiseringsfagets metode og problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei bacheloroppgåve.

Fagleg innhald

Emnet er eit fellesemne i Studieprogrammet i Midtaustenkunnskap. Studentane skal skrive ei bacheloroppgåve i sitt eige fordjupingsfag i programmet, basert på eit sjølvstendig studium av litteratur og eventuelt kjelder innafor spesialiseringsfagets teori og metode. Det vil bli gitt undervisning innanfor eit fellestema for semesteret. Det aktuelle temaet vil bli kunngjort før semesteret tek til. Studentane er tilrådd å velje oppgåve innanfor fellestemaet, men kan i samråd med rettleiar også velje andre tema for si oppgåve.

Læremiddelomtale

Studentane skal i samråd med rettleiar komponere eit pensum på omlag 1200-1300 sider som grunnlag for bacheloroppgåva. Ein del av dette kan vere metodelitteratur. Rettleiar for bacheloroppgåva må godkjenne pensum.

Undervisningsmetodar

Det blir kvart vårsemester halde eit fellesseminar for programmets sjettesemester-studentar, der det blir undervist i fellestemaet og i praktisk metode, og der studentane legg fram utkast til oppgåva. Arbeidet med oppgåva skjer under rettleiing og val av tema skal skje i samråd med rettleiar.

Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)

Studentane skal legge fram skisse og utkast til bacheloroppgåva.

Evaluering

Studentane vil regelmessig bli bedne om å evaluere emnet.

Vurdering / eksamensformer

Eksamen består av ei rettleidd bacheloroppgåve. Oppgåva skal ha eit omfang på omlag 10-12 maskinskrivne sider (à 2400 anslag), og må ikkje overskrida 15 sider. Framstillinga skal vere dokumentert med tilvisingar til litteratur og eventuelle kjelder. Studentane må også framstille seg til munnleg eksamen i pensumlitteraturen. Karakteren for bacheloroppgåva tel 75% og karakteren for munnleg tel 25% av den samla emnekarakteren. Det blir nytta ein gradert karakterskala frå A til F.