Bacheloroppgave i Midtøstenprogrammet

Fakta om studiet

EmnekodeMKU251
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHaust
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

studierettleiar@ahkr.uib.no

Mål og innhald

Emnet er et alternativ til fellesemnet MKU250 i Bachelorprogrammet i Midtaustenkunnskap. Studentar som planlegg å ta emnet, må kontakte administrativ koordinator, for å bli tildelt rettleiar. Studentane skal skrive ei bacheloroppgåve i sitt eige fordjupingsfag på programmet, basert på eit sjølvstendig studium av litteratur og eventuelt kjelder innafor spesialiseringsfaget sin teori og metode. Studentane skal i løpet av første del av semesteret utarbeide ei prosjektskisse, som rettleiar skal godkjenne.

Læringsutbyte/resultat

Emnet skal gje djupare innsikt i spesialiseringsfaget sin metode og problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei bacheloroppgåve.

Undervisningssemester

Haust.

Studienivå

Bachelornivå.

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

Krav til studierett

Emnet vil være tilgjengeleg for studentar på Bachelorprogram i Midtøstenkunnskap. Andre studentar ved UiB kan få plass ved å søke programstyret.

Krav til forkunnskapar

Studenten må ha spesialisering innanfor eit av faga i Midtaustenprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisning og omfang

Det er inga felles undervisning i MKU251, kun individuell veiledning.

Obligatoriske arbeidskrav

Rettleinga, med ei ramme på inntil fem rettleiingstimar, inngår som ein obligatorisk del av emnet. Studentane må og levere inn prosjektskisse til godkjenning innan første måndag i oktober.

Obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei rettleidd bacheloroppgåve. Oppgåva skal ha eit omfang på omlag 10-12 maskinskrivne sider (à 2400 anslag), og må ikkje overskrida 15 sider. Framstillinga skal vere dokumentert med tilvisingar til litteratur og eventuelle kjelder. Studentane må også framstille seg til munnleg eksamen i pensumlitteraturen. Den munnlege eksamenen justerer karakteren på semesteroppgåva, som maksimalt kan endrast med ein bokstavkarakter. Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylte for å kunna møta til eksamen.

Karakterskala

Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum er på omkring 1200 sider. Veileder og student utarbeidar pensumliste.

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Emneevaluering

Studentane vil jamleg bli inviterte til å evaluere emnet.