Diskrete strukturar

Fakta om studiet

EmnekodeMNF130
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for informatikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.

Mål og innhald

Emnet dekker enkel mengdelære og logikk, funksjonar og relasjonar, permutasjonar og kombinasjonar, innføring i bevisteknikkar inkludert induksjon, enkle algoritmar bl.a. med rekursjon og sanningsbevis, grafterminologi, grammatikk for enkle språk og endelege automatar.

Læringsutbyte

Etter fullført MNF130 skal studenten kunne

  • gjennomføre enkle formelle resonnement i utsegnslogikk og predikatlogikk, bl.a. ved bruk av induksjon.
  • bruke elementær mengdelære til å formulere enkle problemstillingar på ei matematisk presis måte ved bruk av funksjonar og relasjonar.
  • bruke dette på eit elementært nivå innan algoritmar, talteori, sannsynsrekning, kombinatoriske problem, grafar og formelle språk.

Undervisningssemester

Vår (Fargekode: grønn)

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

Ingen

Fagleg overlapp

IM005: 10 SP. INFO102: 5 sp

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i 2 semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgende semesteret.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen på 3 timar. Det er høve til å gi karakter på oppgåvene som kan inngå i sluttkarakteren. Ingen lovlege hjelpemiddel.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.