Hjem

Utdanning

Masteremne

Årsaker til klimaforandringar

Undervisningssemester

Haust, emnet har intensiv undervisning fire veker i oktober.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål

Emnet gir ei innføring i årsakene til klimaforandringar og gir eit grunnlag for å forstå dei underliggjande fysiske prosessane som styrer klimavariasjonar på forskjellige tidsskalaer.

Innhold

Emnet forklarer korleis variasjonen i forskjellige eksterne pådrag som variasjonar i solinnstråling, vulkansk aktivitet, forandringar i drivhusgassar og forurensningspartiklar kan bidra til forandringar i klimasystemet sitt energibudsjett og initiere klimaforandringar. Emnet vil vidare gå igjennom korleis forskjellige interne tilbakekoblingsmekanismar styrker eller svekker styrken av klimaforandringane. Videre vil man gjennomgå kva rolle ei forandring av energitransporten i hav og atmosfære spelar for regionale klimavariasjonar.

Emnet vil gjere deltakarane i stand til å samanlikne dei siste hundre års observerte klimaforandringar med tidligare tiders naturlige variasjonar i klima.

Emnet består av video forelesningar, tekst og oppgåver på web i tillegg til tradisjonelle forelesningar og kollokvier. I tillegg til å gjennomføre det web baserte kurset, blir det forventa at studentane deltek i førelesningar og kollokvier. Emnet vil gå over fire veker etterfølgt av ei semesteroppgåve.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten
- kan forklare dei grunnleggjande fysiske mekanismane bak storskala klimavariabilitet
- forstår dei eksterne klimapådrivarane og årsak til klimavariabilitet
- kan forklare og utrede dei grunnleggjande fysiske tilbakekoblings mekanismane i klimasystemet
- kan utgreie betydninga av hav og atmosfære sirkulasjonen på klima
- kan forklare korleis klima har variert i fortida og korleis desse endringane har blitt rekonstruert
- kan forstå betydninga av havet sitt opptak av varme

Ferdigheter

Studenten
- kan utrede klimafølsomhet og estimere betydninga av eksterne klimapådriv frå sola, vulkanar og endringar i drivhusgassar
- har forbetra sine evner i muntleg presentasjon, vitskapeleg skriving, og diskusjon

Generell kompetanse

Studenten
- har forbetra sine evner i kritisk tenkning og fysiske forståing
- har tileigna seg tverrfaglig forståing om koblingar mellom menneskeleg påverknad av naturen og jordsystemet, samt forståing for koblinga mellom klima, miljø, økonomi og demografi

Krav til forkunnskapar

R1 - matematikk for realfag (videregående skole) eller S1+S2 - matematikk for samfunnsfag (videregående skole)

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskap innan matematikk, fysikk eller geofag.

Krav til studierett

Emnet er opent for studentar frå alle fakultet så lenge dei fyller krav til forkunnskapar.

http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av eit Massive Open Online kurs (MOOC), forelesningar og kollokvier
MOOC kurs: 10 timer i veka i 3 veker til arbeid med MOOC
Forelesningar: 2 timer i veka i 4 veker parallelt med MOOC
Kollokvier: 2 timer i veka i 4 veker parallelt med MOOC

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på forelesningar (6 av 8) over fire veker i oktober

Følge MOOC kurset "Causes of Climate Change"

Aktiv deltaking i gruppearbeid. Innlevering av semesteroppgåve

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig kun i semesteret den blir godkjent.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform: Vurdering av deltaking i obligatorisk undervisningsaktivitetar

  • Fulgt obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Bestått semesteroppgåve
  • Fullført minst 90 % av kursstega og alle test spørsmåla i MOOC kurset "Causes of Climate Change"

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Fagleg overlapp

GEOF212: 5 stp.

Vurderingssemester

Det er vurdering kun i semester med undervisning i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: Studierettleiar@gfi.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Godkjend oppgåve

    Trekkfrist
    01.11.2017