Vitenskapsteori med etikk
Phd-kurset er knyttet til
| Undervisingsperiode | Vår- og haustsemesteret |
Undervisingsspråk
Engelsk
Kursinnhald
Kurset tar opp nokre problem av generell interesse i vitskapsteori og etikk. Eksempel er kompleksitet og usikkerhet, forholdet mellom vitskap og samfunn, vitskapsfolk sitt moralske ansvar og moralske dilemma skapt av moderne vitskap.
Kurset inneheld og valfrie modular. Kvar modul tar opp eit spesifikt emne, og deltakarane må velje tre modular.
Læringsutbyte
Hovudmålsettinga med kurset er å gjere deltakarane kjent med viktige emne i vitskapsteori og etikk, som kan vere nyttige i arbeidet med deira eigne prosjekt. Samstundes skal det gje eit breiare perspektiv på eige fagområde, ved at det utviklar ei betre forståing for kunnskapsteoretiske, etiske og samfunnsmessige aspekt ved eiga verksemd.
Krav til forkunnskapar
Fullført mastergrad eller tilsvarande
Vurderingsform
Dei to skriftlege oppgåvene og essayet dannar grunnlaget for vurderingsgrunnlaget. Den endelege karakteren er "bestått" eller "ikkje bestått". På ph.d.-nivå betyr "bestått" A, B eller C.
Fagleg overlapp
Emnet er ein del av det tidligere MNF390 Vitskapsteori med etikk for realistar.
Program
Kurset vert undervist konsentrert: Alle forelesingar og seminar vert gitt i løpet av to veker (måndag til fredag). Undervisinga er ei blanding av forelesingar og seminar. Seminara tar opp spesifikke emne, og gjennomgår øvingsoppgåver. I løpet av kurset må det leverast inn to skriftlege oppgåver.
Det krevjast at deltakarane følgjer 80 % av forelesingane og seminara.
Fagleg ansvar
Ragnar Fjelland, professor ved Senter for vitskapsteori
TLF: 55583235. Epost: Ragnar.Fjelland@svt.uib.no