Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Musikkteori folkemusikk 1

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOB106
  • Talet på semester2
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

 Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Emnet omfattar:

1. Generell musikklære

2. Folkemusikkretta notelære og høyrelære

3. Analyse av folkemusikkmateriale

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar:

Studenten skal kjenne til grunnleggjande musikkteoretiske og musikkhistoriske omgrep, og knyte desse omgrepa til konkret musikkoppleving. Vokalstudentar skal ha kunnskap om sjangeranalyse og tekstforståing.

Ferdigheiter:

Studenten skal kunne bruke grunnleggjande analyseteknikkar retta mot rytmikk, tonalitet, form og variasjonsproblematikk.

Generell kompetanse:

Studenten skal kunne orientere seg i ein musikalsk notasjon, og bruke slik notasjon i analytisk arbeid.

Krav til forkunnskapar

Greidd opptaksprøve ved Ole Bull Akademiet og generell studiekompetanse.

Krav til studierett

 Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, studieretning tradisjonsmusikk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Førelesingar, gruppeundervisning med øvingsoppgåver.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen. Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Vurderinga omfattar to delar som vert vekta likt:

1. Munnleg/praktisk prøve i høyrelære.

2. Ei mappe med 5 godkjende oppgåver i analyse.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

 Ved sensur av emnet blir karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk