Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Folkemusikkutøving 1

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOB120
  • Talet på semester2
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Emnet skal utvikle dugleik, kunnskapar og formidlingsevne i folkemusikkutøving. Studieopplegget tek utgangspunkt i den tradisjonelle opplæringa i folkemusikken, med vekt på munnleg og direkte tradering. Emnet omfattar:

1) Læremeistersamvær, pedagogikk, eiga øving, teknisk utvikling

2) Øveteknikk, mental trening, speleteknikk/stemme- og pusteteknikk

3) Trening i formidling, PA- og opptaksteknikk og spel/song til dans

4) Spel/song i ulike samarbeidsformer

5) Tilleggsinstrument

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar:

Studenten skal ha grunnleggjande forståing av tradisjonen i læremeisteren sitt distrikt og kunnskap om kjende utøvarar, slåttar/songar, slåttetypar/vokalgenrar, tradisjonsliner, takt og rytme, spelestil/songstil, tekstforståing/dialektvariantar og tradisjonen sin pedagogikk.

Ferdigheiter:

Studenten skal kunne utøve tradisjonsmusikk med god musikalsk og teknisk dugleik og eit breitt repertoar.

Generell kompetanse:

Studenten skal vise god formidlingsevne og kunne nytte grunnleggjande øvemetodikk og mentale treningsteknikkar.

Krav til forkunnskapar

Greidd opptaksprøve ved Ole Bull Akademiet og generell studiekompetanse.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

1) Læremeistersamvær (individuelle undervisningstimar), pedagogikk, eiga øving, teknisk utvikling: Dette er den viktigaste delen av studiet.

Studenten kan ha ein eller fleire læremeistrar gjennom studiet, og det blir lagt opp til individuelle planar som skal ta omsyn til trongen for større innsyn og forståing for eigen tradisjon og impulsar frå andre tradisjonar. Med "eigen tradisjon" meiner vi den tradisjonen studenten ved opptaket har gjort til sin eigen - det treng såleis ikkje vere den rådande tradisjonen på studenten sin heimstad. Læremeisteren sin tradisjon er ideelt den same som studenten sin. Dersom det ikkje er råd å finne ein dugande læremeister i studenten sin tradisjon vil ein prøve å finne læremeister i ein så nær tradisjon som råd er. Dersom det er eit ynskje, vil studenten kunne få eit utvida tilbod i arkivbruk for å finne meir materiale knytt til eigen tradisjon. Dette skal likevel ikkje gå ut over læremeistersamværet.

Samværet med læremeister er den viktigaste delen av studiet. Dette krev evne til sjølvstendig arbeid, og studenten må sjølv og i samarbeid med læremeister og studieleiinga ved OBA leggje opp timeundervisning, øvetid og elles finne fram til praktiske løysingar for å nå dei mål studiet set. I starten av 1. semester vert det lagt opp ein arbeidsplan for samværet med læremeister. Framdrifta blir evaluert ved slutten av semesteret, og planen revidert i høve til målsetjinga. Studiet vil gje høve til individuelle timar eller gruppeundervisning i speleteknikk/songteknikk med andre lærarar enn den personlege læremeisteren, og individuelle timar med utøvarar frå andre tradisjonsområde.

2) Øveteknikk, mental trening, speleteknikk/stemme- og pusteteknikk: Seminar, individuelle timar. Innføring i grunnleggjande øvemetodikk og mentale treningsteknikkar til bruk ved innlæring og i framføringssituasjonar. Studiet vil også gje innføring i praktisk stell og vedlikehald av instrument, og råd og rettleiing i tekniske emne. Vokalstudentane vil få innføring i stemma sin fysiologi og anatomi, og råd og rettleiing av songpedagog.

Studenten skal føre eiga øvingsdagbok som vert drøfta i samtalar med leiinga for studiet.

 

3) Trening i formidling, PA- og opptaksteknikk og spel/song til dans:

Gjennom heile studiet blir det lagt opp til aktiv trening i formidling. Dette skjer gjennom konsertar i ulike format, både internt på Ole Bull Akademiet og ved ulike typar offentlege konsertar. Studentane skal òg få praktisk trening i PA-bruk og opptaksteknikk, i dansespel/slåttetralling, og for vokalstudentane vert det også praktisk innføring i songdans og songleikar.

4) Spel/song i ulike samarbeidsformer:

Gruppeundervisning. Målet er å utvikle evne til musikalsk orientering i samspelsituasjonar. Dette kan vere eit samarbeid med musikarar innanfor eigen sjanger, eller på tvers av ulike musikksjangrar («cross-over»).

 

5) Tilleggsinstrument:

Individuelle timar. Studenten skal velje mellom dei instrumenta Ole Bull Akademiet kan tilby undervisning i. Det skal vere instrument som kan få fram viktige stiltrekk i tradisjonsmusikken, og kan eventuelt vere eit instrument som står i nær slektskap med studenten sitt eige hovudinstrument. Studentar med hardingfele som hovudinstrument kan t.d. velje vanleg fele som bi-instrument, og vise versa. Studentar i spel kan velje song som bi-instrument. Studenten vil få tilbod om noko individuell undervisning på det instrumentet som blir valt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Individuell undervisning i hovud- og tilleggsinstrument, seminar, gruppeundervisning, deltaking i studentkonsertar og deltaking i song/spel til dans er obligatorisk. Undervisninga er obligatorisk med krav om minimum 80% frammøte, dersom ikkje anna er nemnt.

Studentane skal levere inn skriftleg rapport over gjennomførte undervisningstimar på hovudinstrument ved slutten av kvart semester.

I eksamenssemesteret skal det leggjast fram ei repertoarliste på 60 minutt spel / song med anna materiale enn det som vart lagt fram til opptaksprøva. Repertoarlista skal vere godkjend av faglærar og leverast inn til studieadministrasjonen innan ei veke før eksamenstidspunkt.

Studenten si deltaking i obligatoriske faglege aktivitetar skal vurderast som godkjend/ikkje godkjend før avsluttande eksamen. Godkjend obligatorisk arbeid er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Vurderingsformer

Spelet/songen vert vurdert ved ei avsluttande konsertframføring på 20 minutt. Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem. 

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Ole Bull Akademiet, 56 51 65 00, oba@olebull.no