Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Hardingfeledekor 2

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOB211
  • Talet på semester2
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss. Høve til noko undervisning hjå felemakarar andre stader.

Mål og innhald

Emnet er eit tilbod til studentar som tek fordjuping i hardingfelebygging som del av studiet. For slike studentar utgjer emnet, saman med MOB231 Folkemusikkutøving 4 og MOB210 Hardingfelebygging 3, heile fjerdeårsstudiet.

Emnet skal gi studenten innsikt i alle sider av tradisjonell hardingfeledekor, og utvikle kreative evner som kan gi personleg særpreg i framtidig felemakararbeid.

Emnet omfattar:

  • Dekor: Hovud (formgjeving/utskjering), innlegg av perlemor/bein, roseteikning - ulike mønstertradisjonar
  • To- og tredimensjonal forming, ornamentikk: Kopiering, frie oppgåver i ulike material. Geometrisk/organisk, symmetrisk/asymmetrisk ornamentikk.
  • Teknikkar: Bruk av skjereverktøy, penn/pensel, fargeteknikkar, forgylling
  • Stilartar i treskjering og folkekunst: Karveskurd, akantus, rosemåling, drakestil

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar:

Studenten skal ha god kunnskap om material- og verktøybruk som er relevant for hardingfeledekor, og om bruk av dekor både i hardingfeletradisjonen, annan folkekunst og meir generelt.

Ferdigheiter:

Studenten skal kunne utføre ein fullstendig tradisjonell hardingfeledekor med godt resultat, og kunne kopiere nokre mønster innanfor tradisjonell hardingfeledekor.

Generell kompetanse:

Studenten skal vise evne til å arbeide sjølvstendig med bakgrunn i ein tradisjon.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 3. studieår av bachelorstudiet i tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet, med fordjuping i felebygging som inkluderer emna MOB208 Hardingfelebygging 2 og MOB209 Hardingfeledekor 1.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, studieretning tradisjonsmusikk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten arbeider under rettleiing av hardingfelemakar. Dersom det ligg til rette for det, kan studenten få noko tilleggsundervisning hjå spesialist i treskjering/folkekunst. Det er førelesingar/seminar om utvalde emne, og besøk ved instrumentsamlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.

Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Det skal utførast ein full hardingfeledekor: skjering av hovud, innlegg av perlemor/bein, og rosing. Dekoren skal vere utført på hardingfela som blir levert som eksamensarbeid i MOB210 Hardingfelebygging 3. Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk.

For meir informasjon, ta kontakt med Ole Bull Akademiet, 56 51 65 00, oba@olebull.no