Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi forståing av prinsipp for regulering av metabolske vegar i celler og organ

 

Innhald:

Emnet gir ein introduksjon til transport over membranar og signalomforming, eigenskap til protein og enzym og sukker og lipid biokjemi. Det vert vektlagd å gi ei djupare forståing for bioenergi og sentrale metabolske vegar. Organspesifikk metabolisme vert behandla gjennom utvalde eksempel, der det endokrine system vert særskilt omhandla.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Kan gjere greie for basale prinsipp for folding av protein og korleis enzym verkar.
  • Kan skildre struktur til membranar, vegar for transport og prinsipp for signalomforming.
  • Kan skildre prinsipp for bioenergetikk i metabolske vegar
  • Kan gjere greie for sentrale metabolske vegar for omsetting av aminosyrer, karbohydrat og lipid og korleis desse vert regulert
  • Kan gjere greie for basale prinsipp i endokrin regulering av metabolismen
  • kan oppdatere sin kunnskap innan molekylærbiologi

Ferdigheiter

Studenten

  • Beherskar bruk av viktige omgrep innan bioenergetikk og metabolisme
  • kan finne, vurdere og henvise til faglitteratur og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling om metabolisme

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan formidle vitskapeleg litteratur gjennom vitskapleg skriving og munnleg presentasjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MOL100 og KJEM100 eller KJEM110 eller tilsvarande. Kunnskap i organisk kjemi, KJEM130 eller tilsvarande, er sterkt tilrådd.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dei to første kollokvia er obligatoriske. Skriftleg semesteroppgåve (tel 20 % av karakteren). Munnleg presentasjon av semesteroppgåva. Obligatorisk aktivitet er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestre).

Vurderingsformer

Semesteroppgåve (20%) og skriftleg eksamen, 4 timar (80%).

Tillatne hjelpemiddel: Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

MOL301: 5 sp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Molekylærbiologisk institutt, studierettleiar@mbi.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og skriftleg skoleeksamen

    Dato
    05.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    21.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted