Eksperimentell molekylærbiologi

Fakta om studiet

EmnekodeMOL202
Studiepoeng10
Undervisingssemestervår
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerMolekylærbiologisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar, studierettleiar@mbi.uib.no

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring og oversikt i dei viktigaste metodar i biokjemi og molekylærbiologi. Studentane skal lære seg å arbeide både kvantitativt og kvalitativt. Statistisk analyse og signifikansvurdering av data vil bli vektlagt. Kurset vil ta føre seg arbeid med bakteriar og celler, preparativ biokjemi, enzymologi og genteknologi. Vidare vil det bli gitt ei grundig innføring i instrumentelle teknikkar som spektroskopi, kromatografi, elektroforese og bruk av sentrifuger. Tryggleiksaspekt ved laboratoriearbeid blir og vektlagt. Emnet har som mål å gje basalkunnskap i eksperimentell biokjemi og molekylærbiologi og dannar grunnlag for vidare studie i molekylærbiologi.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne MOL202 skal studenten kunne:

- greia ut om grunnleggjande metodar innan eksperimentell molekylærbiologi.

- bruka grunnleggjande separasjonsteknikkar til å reinse makromolekylar frå bakteriar og eukaryote celler.

- bruka sentrale instrumentelle og genteknologiske metodar til separasjon og analyse av protein og nukleinsyrer.

- kunna tolka og rapportera analyseresultat kvalitativt og kvantitativt.

- fylgja vanlege tryggleiksrutinar for laboratoriearbeid innan molekylærbiologi.

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

MOL100, KJEM110 og eitt av emna MOL200/MOL203/BIO103. Emna kan ikkje takast parallelt med MOL202, og eksamen må vere bestått.

Obligatoriske arbeidskrav

Alle aktivitetar er obligatoriske, inkludert orienteringsmøte, førelesingar og laboratorieøvingar.

Vurderingsformer

Laboratorierapportar (30%) og skriftleg eksamen, 4 timar (70%).

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med fakultetets regler.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.