Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsstudier

Anvendt Bioinformatikk II

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMOL217
  • Antall semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Mål og innhald

Målet for emnet er å gje studentane inngåande kunnskap om utvalde bioinformatiske metodar og bruk av desse i molekylærbiologisk forsking. Emnet er bygd rundt ei prosjektoppgåve som studentane arbeider med gjennom heile semesteret og resultata frå prosjektet skal dokumenterast og drøftast i ein utførleg prosjektrapport som og vert lagt fram munnleg. Oppgåvene og metodane som vert nytta vil kunna variera frå semester til semester, men vil vera knytt til analyser av protein, proteinfamiliar og proteinstruktur. Emnet kan inngå som ein del av mastergraden i molekylærbiologi, med atterhald om at innhaldet ikkje skal overlappe med innhaldet i masteroppgåva. Det er rettleiar på mastergraden og emneansvarleg i MOL217 som skal vurdere kva som overlappar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Prosjektarbeid og gruppearbeid.

Undervisningssemester

Vår. Emnet har begrensa antal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Endeleg opptak til emnet vert gjort etter emnepåmeldingsfristen kvart semester. Meir info: http://www.uib.no/matnat/53575/undervisningsopptaket

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsstad

Bergen

Læringsutbyte

Ved fullført emne MOL217 skal studentane kunne:

- gjere greie for og drøfta val av bioinformatiske metodar som kan nyttast for å utforska ei gitt problemstilling knytt til protein, proteinfamilier og/eller proteinstrukturer, og nytte desse metodane til å gjennomføra ei prosjektoppgåve bygd på sjølvstendig arbeid og arbeid i grupper.

- analysere og drøfte resultat frå ei større bioinformatisk prosjektoppgåve i lys av eigne data og data frå vitskaplege artiklar

- presentere resultat og analyser frå ei bioinformatisk prosjektoppgåve både munnleg og som ein prosjektrapport

Krav til forkunnskapar

MOL100 og MOL200 og MOL204 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

MOL201 og MOL203

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Vurderingsformer

Munnleg eksamen (30%), eventuelt skriftleg eksamen 2 timar avhengig av antal studentar, og ei skriftleg semesteroppgåve (70%). Tillatne hjelpemiddel: Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar, studierettleiar@mbi.uib.no