Praktisk molekylærbiologi

Fakta om studiet

EmnekodeMOL300
Studiepoeng20
UndervisingssemesterHaust
Undervisingsspråk
Engelsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerMolekylærbiologisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Molekylærbiologisk institutt, studierettleiar@mbi.uib.no

Mål og innhald

Hovudmålet er for å gje studentane direkte erfaringar i modernemetodar i biokjemi og molekylærbiologi. Emnet inneheld oppgåver innan spektrofotometri, enzymkinetikk, forskjellige separasjonsteknikkar og analyse av biologiske makromolekyl, modernemetodar i genteknologi (kloning, protein uttrykk, PCR og sette-retta mutagenese), in situ hybridisering, immunologiske påvisingsteknikkar, celledyrking og protein interaksjon.

Journalføring, rapport skriving og mini-symposia skal gje studentane kunnskap og erfaringar i data samling og analyse. Dette er naudsynt for å at studentane skal forstå dei teoretiske opplysingane bak praktiske øvingar, og grundig diskusjon blir integrert del av kurset.

Det blir også lagt vekt på tryggleiksaspekt ved laboratoriearbeid.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emnet skal studenten kunne

- fullføre dei flest av grunnleggjande og avanserte eksperiment i biokjemi og molekylærbiologi.

- skilje fordelar og ulemper av liknande eksperimentale prosedyrar.

- forstå grunnleggjande teoriar bak dei flest viktige metodane i biokjemi og molekylærbiologi.

- forstå og eksaminere relevant fagleg arbeid.

- generere tydelege laboratoriejournalar.

- skrive vitskapleg rapport og faglege artikkel.

- bli kjent (og ha erfaring) med tryggleiksreglar i både personale- og miljøaspekt.

- jobbe sjølvstendig utan detaljert instruks og tilsyn.

Undervisningssemester

Haust, avgrensa opptak. Studentar som har dette emnet som obligatorisk i studieplanen vil bli prioritert.

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til masterprogrammet i molekylærbiologi. Andre med interesse for å følge emnet må først ta kontakt med studieadministrasjonen ved Molekylærbiologisk institutt.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande omfang molekylærbiologisk kunnskap. Det er eit krav for opptak til emnet å at du er tatt opp til masterprogram/ph.d.-utdanning ved Molekylærbiologisk institutt.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande omfang molekylærbiologisk kunnskap.

Fagleg overlapp

MOL302 15sp

Obligatoriske arbeidskrav

Førelesingar, laboratoriekurs m/journal og rapport. Alle aktiviteter i kurset, inkludert det første orienteringsmøtet, er obligatorisk å delta på.

Vurderingsformer

Laboratoriejournal og rapport (30%) og skriftleg eksamen, 5 timar (70%).

Tillate hjelpemiddel: kalkulator

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.