Gå til innhold
English A A A
Emne MUG111

Musikkteori II - jazz

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i MUG110 Musikkteori I - jazz, eller tilsvarande.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
- kan arrangere og komponere med hjelp av vidarekomande metodar og meir avanserte verkty i jazzrelatert stil.
- improviserer i ensemble med bruk av meir avansert skala, funksjon og rytmikk og forstår å kombinere desse i eit musikalsk uttrykk.
- dokumenterer god kjennskap og attkjenningsevne til rytme og tonalitet gjennom lytting til jazzrepertoaret.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bchelor

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Mål og innhald

Emnet siktar mot å utvikle studentane sin kompetanse til skaping. Gjennom arbeid med forskjellige uttrykksformer, søkjer ein ei brei orientering, med jazztradisjon som overordna ramme.

Emnet består av gehør/improvisasjon og arrangering/komponering.
Sentralt i gehør/improvisasjon står instrumentell bruk av skala-/akkordrelasjon, funksjonsbasert improvisasjon og modal improvisasjon, enkel polyrytmikk, beat-/grooveforståelse i ulike tradisjonar. Basis for alle desse delemna er vektleggjing av interaksjon, og undervisninga foregår derfor i ensemble. Transkribsjonsarbeid er også nytta som metode i emnet.

I arrangering/komponering skjer ei fordjuping i rytmikk, akkordlære, instrumentasjon og formforståing. Delemnet vil i størst mogleg grad vere basert på praktisk arbeid og utprøving i egna ensembler.

.

Læringsutbyte/resultat

Studenten i fullført emne
- kan arrangere og komponere med hjelp av vidarekomande metodar og meir avanserte verkty i jazzrelatert stil.
- improviserer i ensemble med bruk av meir avansert skala, funksjon og rytmikk og forstår å kombinere desse i eit musikalsk uttrykk.
- dokumenterer god kjennskap og attkjenningsevne til rytme og tonalitet gjennom lytting til jazzrepertoaret.

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i MUG110 Musikkteori I - jazz, eller tilsvarande.

Undervisning og omfang

Delemna gehør/improvisasjon og arrangering/komponering vert integrert dersom tilhøva ligg til rette for det. Undervisninga skal vere praktisk orientert og studentane utgjer eit basisensemble for fagleg utvikling og utprøving.

I gehør/improvisasjon vert det gjeve fordjuping i skala-/akkordrelasjon, funksjonsbasert improvisasjon og modal improvisasjon, polyrytmikk, beat-/grooveforståelse i ulike tradisjonar. Basis for alle desse delemna er vektleggjing av interaksjon, og undervisninga foregår derfor i ensemble. Individuelt transkribsjonsarbeid er og nytta som metode i dette delemnet.

I arrangering/komponering vert det gjeve fordjuping i rytmikk, avansert blokkharmonisering og reharmonisering, instrumentasjon og formforståing. Delemnet vil i størst mogleg grad vere basert på praktisk arbeid og utprøving i eigna ensemble.

Undervisning i delemna vert gjeve i form av gruppeundervisning og individuell veiledning. Studentane vert normalt organisert i grupper på opptil 6.

Obligatoriske arbeidskrav

- Delta på førelesingar.

- Oppgåveinnlevering, minimum 5 oppgåver.

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Eksamen omfattar to delar som vert vekta likt:
* Jazzarrangering/komposisjon: Ei mappe med 5 godkjende oppgåver.
* Gehør/improvisasjon: Munnleg eksamen.
Mappa i jazzarrangering/komposisjon må være greidd før munnleg eksamen.
Ein av eksamensdelane, gehør/improvisasjon eller jazzarrangering/komposisjon, vil ha ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt
kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no