Examen Facultatum, Akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisningssemester | Haust. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studenten i fullført emne
- kan lese og analysere faglege tekstar
- kan identifisere den faglege problemstillinga eller emnet som teksten tek opp
- kan analysere dei mest sentrale argumenta i ein tekst
- forstår korleis ein akademisk tekst er bygd opp
- kan skrive ein sjølvstendig tekst som viser at måla for emnet er nådd.
Kontaktinformasjon
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no
Undervisningssemester
Haust.
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane viktige teoretiske reiskapar til seinare bruk, både i studia og i yrkesliv. Emnet tek utgangspunkt i at akademiske tekstar alle har visse eigenskapar felles, som til dømes dokumentasjon, argumentasjon og sakleg framstilling, og at desse eigenskapane kan identifiserast, skildrast og vurderast gjennom bruk av analytiske reiskapar.
Emnet legg vekt på det tette sambandet det er mellom kritisk og analytisk lesing, tenking og skriving, og på å utvikla vurderingsevne og sjølvstende i studiet.
Dette emnet er ein obligatorisk del av Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon. Emnet er knytta opp mot Musikkhistorie (MUG117 og MUG118), slik at lærdomen frå emnet ligg til grunn for rettleiing og vurdering i oppgåveskriving.
Læringsutbyte/resultat
Studenten i fullført emne
- kan lese og analysere faglege tekstar
- kan identifisere den faglege problemstillinga eller emnet som teksten tek opp
- kan analysere dei mest sentrale argumenta i ein tekst
- forstår korleis ein akademisk tekst er bygd opp
- kan skrive ein sjølvstendig tekst som viser at måla for emnet er nådd.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisning og omfang
Det vert undervise i MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon i byrjinga av haustsemesteret.
Seminar med tre arbeidssamlingar, kvar på tre timar - totalt ni timar.
Obligatoriske arbeidskrav
To oppgåveutkast.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
For å ha rett til å levera eksamensarbeid i Akademisk skriving, må dei to obligatoriske utkasta som studenten skriv vera godkjende av gruppelæraren.
Godkjente oppgåveutkast er gyldige i to semester (undervisningssemesteret og neste semester).
Vurderingsformer
.Eksamensarbeidet er ein sjølvstendig tekst som studenten skal skrive, der han dokumenterer at han både har tilfredsstillande kunnskap og analyseevne, og at han kan formulere si eiga innsikt og analyse i sin eigen akademiske tekst.
Eksamensarbeidet skal leverast som elektronisk dokument innan ein frist som blir fastsett før studiestart. Format og leveringsprosedyre blir likeeins kunngjort for kvart kurs.
Intern sensur med minst to sensorar.
Karakterskala
Greidd/Ikkje greidd.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no