Hovudinstrument jazz 2
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 25 |
| Undervisningssemester | Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester. |
| Fagleg overlapp | Emnet erstatter MUG133 Hovudinstrument jazz 2. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Greidd eksamen i emnet MUG142 Hovudinstrument jazz 1 eller tilsvarande, og eitt av desse emna: MUG151 Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert eller MUG152 Utøvande støttedisiplin, klassisk klaver. Før eksamen i emnet må MUG118 Musikkhistorie jazz eller MUF101 Musikk, kultur og samfunn vere greidd.
Læringsutbyte
Studenten i fullført emne
- har god grunnleggjande instrumental-/ vokaltekniskferdigheit
- har god kunnskap om ulike teknikkar for øving og førebuing.
- kan med rettleiing førebu konsertmedverking og gjennomføre med eit kunstnarleg tydeleg resultat.
- har utvikla god kunnskap om ein brei del av repertoaret knytta til hovudinstrumentet sitt.
Kontaktinformasjon
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no
Undervisningssemester
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Mål og innhald
Emnet skal førebu studenten på eit yrkesliv som improviserande musikar ved å utvikle:
* gehørspel/improvisasjon
* stilistisk differensiert interpretasjonsevne
* teknisk og musikalsk ferdigheit
* eit breitt repertoar
* personlig uttrykk og formidlingsevne
Emnet er sett saman av følgande delemne:
* eigenferdigheit
* innstuderings- og øvingsteknikk
* instrumentkjennskap/stemmefysiologi
* interpretasjons- og repertoarforståing
* improvisasjonskurs
* ensemblespel
* konsert- og formidlingspraksis
Eigenferdigheit tek m.a. opp improvisasjonskunnskap, spele-/vokalteknikkar, skalaer og etyder og primavistaspel/- song.
Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metoder for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar.
Interpretasjons- og repertoarforståing tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til jazz som musikalsk uttrykk.
Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av ulik storleik.
Læringsutbyte/resultat
Studenten i fullført emne
- har god grunnleggjande instrumental-/ vokaltekniskferdigheit
- har god kunnskap om ulike teknikkar for øving og førebuing.
- kan med rettleiing førebu konsertmedverking og gjennomføre med eit kunstnarleg tydeleg resultat.
- har utvikla god kunnskap om ein brei del av repertoaret knytta til hovudinstrumentet sitt.
Krav til forkunnskapar
Greidd eksamen i emnet MUG142 Hovudinstrument jazz 1 eller tilsvarande, og eitt av desse emna: MUG151 Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert eller MUG152 Utøvande støttedisiplin, klassisk klaver. Før eksamen i emnet må MUG118 Musikkhistorie jazz eller MUF101 Musikk, kultur og samfunn vere greidd.
Fagleg overlapp
Emnet erstatter MUG133 Hovudinstrument jazz 2.
Undervisning og omfang
Undervisninga vert gjeven i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar.
Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan og sjå til at alle aktivitetar i emneplanen vert gjennomført.
Obligatoriske arbeidskrav
*Delta på følgjande undervisning:
- individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar/-ar
- fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe
- ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan)
- prosjektveker (jf. eigen semesterplan)
- meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan)
* improvisasjonskurs
* minimum to framføringar av solistisk og kollektiv karakter på interne og/eller offentlege konsertar, til saman min. 60 minutt.
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % kan medføre tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjente før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter gjennomføring.
Repertoarkrav:
Minst 90 minutt repertoar/12 komposisjonar (inkl. 45 min. frå MUG142 Hovudinstrument jazz 1) av ulik karakter. Repertoar skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.
Kandidaten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innen 15. april (ev. 15. oktober).
Vurderingsformer
Eksamen vert normalt gjennomført i vårsemesteret.
Eksamen omfatter ei konsertframføring med min. 5 komposisjonar frå eige repertoar, til saman på 30 minutt. Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.
Karakterskala
Bokstavkarakter frå A til F.
Læremiddelomtale
Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar tilpassa kvart instrument/vokalfag.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no