Hjem
Click

Etter- og videreutdanning

Etter- og videreutdanning

Vidareutdanning for musikkterapeutar i eldreomsorg

Beskrivelse

Vidareutdanningskurset skal gi auka kompetanse for musikkterapeutar som arbeider i eldreomsorg eller som ønskjer slik praksis. Kurset omfattar undervisning om dei ulike brukargruppene innan eldreomsorg, musikkterapiteori og forskning innan feltet samt musikkterapeutiske tilnærmingar og metodar. Tverrfagleg samarbeid, kompetanseoverføring til andre aktørar i eldreomsorgen og refleksjon knytta til etikk, praksis og systemforståing blir også viktige tema.

Studiet er organisert som eit deltidsstudium over to semester/eit studieår. Undervisninga er forskningsbasert og er på masternivå.

Mål og innhald, læringsutbyte, undervisningsomfang og organisering, obligatoriske arbeidskrav og vurderingsformer (eksamen) er omtalt i nærare detalj i emnebeskrivelsen.

Målgruppe

Musikkterapeutar med godkjent mastergrad eller 2årig vidareutdanning. Emnet er aktuelt for musikkterapeutar som arbeider i eldreomsorg eller som ønskjer slik praksis, ogsom ønskjer djupare refleksjon og å betre og utvikle kunnskapane og ferdigheitene sine. Vidareutdanningstilbodet byggjer på fagkunnskapar frå MUTP304 / Musikkterapi i psykisk helsearbeid og eldreomsorg.

Undervisning

Undervisninga omfattar forelesningar, gruppearbeid, plenumsdiskusjonar og nettbasert aktivitet. Praktisk retta arbeid vil først og fremst skje gjennom bruken av PBL, prosjektbasert læring, der deltakarane vil vere ein ressurs for kvarandre.

Studiet er organisert med 4 samlingar à 2 dagar, to samlingar i haustsemesteret og to i vårsemesteret. Alle samlingane er obligatoriske. Det vert lagt opp til nettbasert aktivitet mellom samlingane.

Kvar student skal i løpet av kurset ha eitt munnlegg framlegg, der studenten skal presentere ein eigna musisk aktivitet og legge fram målsettingar med aktiviteten, i tillegg til forslag til korleis en kan legge til rette i praksis og evaluere.

Undervisninga omfattar i tillegg nettbasert arbeid og 3 oppgåveinnleveringar på nett mellom samlingane, kvar på 600-800 ord.

Samlingar studieåret 2016 - 2017:

1. samling veke 38 2016: Torsdag 22.9 - fredag 23.9
2. samling veke 47 2016: Mandag 21.11 - tysdag 22.11
3. samling veke veke 12 2017: Mandag 20.03 - tysdag 21.03
4. samling veke veke 19 2017: Torsdag 11.05 - fredag 12.05

Vurdering / eksamen

Heimeeksamen over 7 dagar med sjølvvald tittel over eit oppgitt tema, omfang 4000-5000 ord, som vert vurdert til stått/ ikkje stått.

Torsdag 08.06 - torsdag 15.06.2017

Krav til datautstyr

Datamaskin med oppkopling til internett og e-post

Opptaks- og forkunnskapskrav

Godkjent mastergrad i musikkterapi eller 2-årig vidareutdanning i musikkterapi.

Du laster opp nødvendig dokumentasjon underveis i søknadsprosessen.

Anbefalte forkunnskaper

Søkjarar vert oppmoda om å sjekke noverande emneplan og pensumliste ved masterstudiet i musikkterapi og om å oppdatere seg fagleg i høve til dette, før dei tek til på dette vidareutdanningskurset.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:
UiB Videre
55 58 20 40 / videre@uib.no

Spørsmål om fagleg innhald:
Griegakademiet
55 58 69 71 / 55 58 69 55 / evu@grieg.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    08.06.2017, 09:00
    Innleveringsfrist
    15.06.2017, 13:00
    Trekkfrist
    01.05.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen

Tilgjengelege kurs

Haust 2016
Kursdato: 22.09.2016 - 15.06.2017
Pris: NOK 12000
Søknadsfrist: Frist utløpt.