Gå til innhold
English A A A
Emne MUV215

Ensemblefordjupning/Kammermusikk II

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Fagleg overlapp Emnet erstatter MUV213 Ensemblefordjuping/Kammermusikk II
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon og MUV214 Ensemblefordjuping/Kammermusikk I.

Studentar som ønskjer å ta emnet må skrive ei prosjektskisse. Prosjektskissa, som blir vurdert av faglærarar, skal innehalde opplysningar om:

    • kven som søkjer emnet (kvar student i ensemblet som søkjer emnet må individuelt skrive same prosjektskisse)
    • kven som er med i ensemblet (inkluderer dei som deltar i ensemblet, men som ikkje søkjer emnet), ensemblet skal normalt ha 3-9 medlemer, men i særskilde høve kan også duoar aksepterast. Emnet kan og gjennomførast i eksternt ensemble etter særskild søknad.
    • Kva verk som blir føreslått innstudert/komponert (minst to verk), og speletida til verka.
    • Korleis prøvearbeidet vert planlagt og organisert, inkl. ein tentativ prøveplan.
    • Kven ein ønskjer som ansvarleg hovudrettleiar for prosjektet.

Prosjektskissa og ensemblet kan reviderast/endrast fram til 15. sept. det studieåret emnet vert gjennomført.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne

    • kan saman med medmusikarane realisere kunstnarlege intensjonar for ensemblet.
    • kan perfeksjonere sine eigne tekniske og musikalske evner i samspel i eller komponering for ensemble.
    • viser sjølvstende og integritet i høve til arbeidet saman med medmusikarar i eit ensemble.
    • viser forståing for både stil og eigenart i høve til å spele i eller komponere for eit ensemble.
    • kan skrive ein programtekst eller prosjektbeskriving

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Mål og innhald

Emnet gjev studenten fordjuping i og erfaring med samspel/komposisjon for eit ensemble. Gjennom praktisk utøving/komponering skal studenten:

    • tileigne seg personleg og musikalsk erfaring med problemstillingar knytt til det å vere ein del av eit ensemble som utøvar eller komponist
    • få større forståing for kunstnarlege val og utvikle evna til å leie ei innstudering av eit verk
    • vidareutvikle evner relatert til samspel, presisjon, klangbruk, frasering, intonasjon
    • vidareutvikle stilforståing, heilskapstenking o.a.
    • saman med gruppa utvikle ei sjølvstendig ansvarskjensle i samband med innøvingsprosessar og framføringar.

Mot slutten av studieåret skal studenten utarbeide ei prosjektbeskriving som forklarar dei vurderingane og vala som vert gjort i prosjektet, eller ein programtekst.

Emnet Ensemblefordjuping/Kammermusikk I er ope for instrumentalistar og songarar som ønskjer å utvide samspelserfaringa si i eit fast ensemble. Emnet kan også, om tilhøva ligg til rette for det, veljast av studentar med komposisjon som hovuddisiplin. Studenten vil då, i samarbeid med dei utøvande studentgruppene, arbeide med komponering, innstudering og framføring av eigenkomponert musikk.

Læringsutbyte/resultat

Studenten i fullført emne

    • kan saman med medmusikarane realisere kunstnarlege intensjonar for ensemblet.
    • kan perfeksjonere sine eigne tekniske og musikalske evner i samspel i eller komponering for ensemble.
    • viser sjølvstende og integritet i høve til arbeidet saman med medmusikarar i eit ensemble.
    • viser forståing for både stil og eigenart i høve til å spele i eller komponere for eit ensemble.
    • kan skrive ein programtekst eller prosjektbeskriving

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon og MUV214 Ensemblefordjuping/Kammermusikk I.

Studentar som ønskjer å ta emnet må skrive ei prosjektskisse. Prosjektskissa, som blir vurdert av faglærarar, skal innehalde opplysningar om:

    • kven som søkjer emnet (kvar student i ensemblet som søkjer emnet må individuelt skrive same prosjektskisse)
    • kven som er med i ensemblet (inkluderer dei som deltar i ensemblet, men som ikkje søkjer emnet), ensemblet skal normalt ha 3-9 medlemer, men i særskilde høve kan også duoar aksepterast. Emnet kan og gjennomførast i eksternt ensemble etter særskild søknad.
    • Kva verk som blir føreslått innstudert/komponert (minst to verk), og speletida til verka.
    • Korleis prøvearbeidet vert planlagt og organisert, inkl. ein tentativ prøveplan.
    • Kven ein ønskjer som ansvarleg hovudrettleiar for prosjektet.

Prosjektskissa og ensemblet kan reviderast/endrast fram til 15. sept. det studieåret emnet vert gjennomført.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV213 Ensemblefordjuping/Kammermusikk II

Undervisning og omfang

Studenten skal, saman med dei andre medlemene i ensemblet, innstudere og framføre eit program på til saman minst 30 min. Ensemblet organiserer sine eigne innstuderingsprøvar, jfr. prosjektskissa.

Det blir lagt stor vekt på individuell innsats og gruppearbeid.

Undervisning blir gitt gjennom grupperettleiing av det praktisk utøvande arbeidet og tekstarbeidet.

Obligatoriske arbeidskrav

    • Grupperettleiing på eit utval av innstuderingsprøvane.
    • Rettleiing på tekstarbeid.
    • Tekstoppgåve (ca. 1500 ord) relatert til programmet og/eller prosessen i ensemblet. Oppgåva skal godkjennast av rettleiar.
    • Framføring med repertoar på minimum 15 minutter, normalt gjennomført i slutten av haustsemesteret.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Eksamen omfattar ei framføring med minimum 15 minutter repertoar i slutten av vårsemesteret.

Komposisjonsstudentar skal leggje fram partitur i samband med eksamensframføringane.

Framføringa må skje i ensemblet ein er teken opp til.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt

kvalitetssikringssystem.