Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsstudier

Akkompagnement II

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV226
  • Antal semester2
  • Språk

    Norsk og/eller engelsk.

  • Ressursar

Mål og innhald

Gjennom emnet skal studenten:

  • tileigne seg kunnskap, innsikt og evner i å akkompagnere/delta i samspel med instrumentalistar og songarar med breiast mogleg repertoar
  • utvikle musikalsk fleksibilitet, samarbeidsevne, kreativitet og formidlingsevne
  • verte stimulert til å diskutere og verbalisere musikalske problemstillingar.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV2123 Akkompagnement I / Accompaniment I

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Gjennom studiet skal studenten arbeide med:

  • utvikling av eigne evner, interpretasjon og tileigning av repertoar
  • primavista-spel.

Faget kan omfatte korrepetisjon og partiturspel, for cembalo, orgel og dessutan generalbass.

Individuell rettleiing og samspelrettleiing står sentralt.

Det er ein føresetnad at det blir inngått faste samspelsavtalar med medstudentar på ulike instrument. Studenten i emnet skal akkompagnere minst èin songar. Repertoaret bør dessutan omfatte verk for strykarar og blåsarar. Studenten blir rådd til å følgje undervisninga som blir gjeve i samband med fellesfora for vokalstudentar eller andre relevante akkompagnementsfora.

Emnet kan samordnas med MUV243 Musikkdramatikk når forholda ligg til rette for det.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på følgjande undervisning:

  • individuell rettleiing
  • fellestimar

Repertoarkrav:

Minimum 60 minutt med variert repertoar.

Repertoaret skal verte dokumentert i eksamenssemesteret og levert på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av faglærar.

Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av faglærar innan 15. april (ev. 15. oktober).

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsstad

Bergen

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

Ferdigheiter

Studenten ..

* meistrar til dels kompliserte akkompagnementsoppgåver på hovudinstrumentet og den profileringa ein har valt

* akkompagnerer med ein tydeleg kunstnarleg stil og profil

* kan kommunisere og realisere musikalske idear til og saman med samspelpartnar

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan gje uttrykk for og beskrive musikalske problemstillingar på ein konstruktiv og skapande måte.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

MUV225 Akkompagnement I eller tilsvarande må vere gjennomført.

Vurderingsformer

Studenten vel eit eksamensrepertoar på 30 min frå sitt repertoar (sjå ovanfor).

Dette skal framførast som konsert. Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no