Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Biinstrument A

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV227
  • Talet på semester2
  • Språk

    Norsk og/eller engelsk

  • Ressursar

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Mål og innhald

Emnet skal saman med hovudinstrument/-disiplin gje studenten eit utvida kunstnarleg og teknisk fundament for kreativ, allsidig og sjølvstendig arbeid som musikar.

Emnet MUV227 Biinstrument A skal utvikle ferdigheiter, kunnskap og formidlingsevne i song eller på instrument.

Emnet fokuserer på:

  • eigne evner som utøvar
  • instrumentkunnskap/stemmefysiologi
  • interpretasjons- og repertoarkunnskap
  • samspel

Eigne evner som utøvar:

Studenten skal utvikle grunnleggjande teknisk og musikalsk ferdigheit gjennom individuell rettleiing, eiga øving og samspel.

Instrumentkunnskap/stemmefysiologi:

Studenten skal få kjennskap til konstruksjonen/fysiologien, verkemåten og historikken til instrumentet/stemma. Det vert vist til relevant litteratur.

Interpretasjons- og repertoarkunnskap:

Studenten skal arbeide med minst to relevante sjangrar og/eller stilartar.

Samspel:

Studenten bør vere med i ensemble (inkludert duo) med relevant repertoar.

Emnet vert tilbydd på

  • instrument med eigne fagtradisjonar og eige repertoar
  • instrument som også kan verte tilbydd som hovudinstrument på utdanningsinstitusjonar.
  • historiske variantar av hovudinstrument (til dømes cembalo, hammerklaver og barokke stryke- og blåseinstrument), om tilhøva ligg til rette for det.
  • instrument som står i nær slektskap med studenten sitt eige hovudinstrument, t.d. orkesterinstrument som kontrafagott, engelsk horn, bassklarinett, piccolo o.l.

I tvilstilfelle skal programleiinga avgjere kva instrument som kan studerast som biinstrument.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* har grunnleggjande kunnskap om biinstrumentet sin konstruksjon og virkemåte, historikk og tradisjon

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan framføre eit kort repertoar på biinstrumentet

* kan kvalifisere seg for opptak til MUV229 Biinstrument påbygging

Generell kompetanse

Studenten ..

* har innsikt til å arbeide på eiga hand med tekniske utfordringar.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande.

Opptak skjer på grunnlag av opptaksprøve med 10 minuttes sjølvvalt repertoar. Dersom bi-instrument er relatert til hovedinstrument kan hoved- og / eller bi-instrumentlærer gjere ein faglig vurdering av nivå hos studenten utan opptaksprøve.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller andre studieprogram på Griegakademiet etter individuell søknad.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt gjennom individuell rettleiing.

Det inngår ingen akkompagnatørressurs i emnet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på undervisning (individuell rettleiing)

  • studenten skal innstudere minst 30 minutt repertoar. I samråd med faglærar kan desse inkludere inntil 10 min ensemblespel. Repertoaret skal verte dokumentert i eksamenssemesteret og levert på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av faglærar.
  • studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av faglærar innen 15. april (ev. 15.oktober).

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen vert gjennomført som ei konsertframføring av eit repertoar på 10 - 15 min, der deler av programmet kan vere samspel.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV220 Spesialinstrument og MUV2151 Biinstrument I.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Konsert

    Trekkfrist
    15.11.2017