Gå til innhold
English A A A
Emne MUV242

Barokkmusikkens historie og idégrunnlag

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk.

Krav til forkunnskapar

Emnet MUG 117 må vere gjennomført. Søkjarar med utdanning frå andre
utdanningsinstitusjonar må kunne dokumentere tilsvarande bakgrunn.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
- kan gjere greie for dei viktigaste stildannande trekka for
barokken som epoke.
- kjenner inngåande eit utval av musikk for perioden.
- kan reflektere over sammenhengen mellom idear/teoriar og deira
innverking på musikken i perioden.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk.

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Ingen

Mål og innhald

Studenten skal få kjennskap til sentrale teoriar og diskusjonar
knytta til mimesis, retorikk, affektlære, polyfon og homofon
komposisjon, opera, nasjonale stilar (italiensk, fransk, engelsk,
blanda stil) for perioden (1600-1770). Barokken som avgrensa
idéhistorisk epoke vert problematisert.

Læringsutbyte/resultat

Studenten i fullført emne
- kan gjere greie for dei viktigaste stildannande trekka for
barokken som epoke.
- kjenner inngåande eit utval av musikk for perioden.
- kan reflektere over sammenhengen mellom idear/teoriar og deira
innverking på musikken i perioden.

Krav til forkunnskapar

Emnet MUG 117 må vere gjennomført. Søkjarar med utdanning frå andre
utdanningsinstitusjonar må kunne dokumentere tilsvarande bakgrunn.

Undervisning og omfang

I førelesingar og oppgåveseminar vert det undervist i dei sentrale
stiltrekka for barokken som stil- og idéepoke.

Obligatoriske arbeidskrav

- Førelesingar
- Oppgåveseminar

- Oppgåverettleiing


All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Mappevurdering av to innleverte arbeid. Kvart arbeid skal ha eit omfang på ca. 10 sider. Begge må vere greidd. Studenten vel sjølv ut eit arbeid som grunnlag for eksamensvurdering.
Eit av arbeida kan inngå i et gruppearbeid med 2-4 deltakarar.
Dette arbeidet kan ikkje vere grunnlag for eksamensvurdering.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Læremiddelomtale

Det vert lagt opp til eit lesepensum på ca. 1000 sider og eit
lyttepensum på ca. 140 min.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt
kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no