Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Samtidsmusikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV244
  • Talet på semester2
  • Språk

    Norsk og/eller engelsk.

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet fokuserer på sentrale aspekt innan kunstmusikk frå rundt 1950 og fram til i dag, innanfor komposisjon, improvisasjon, utøving og interpretasjon.

Emnet tek utgangspunkt i musikk frå vår eiga nære fortid og fram til vår eiga tid. Emnet høver godt for utøvarar både innanfor klassisk og jazz, og for komponistar som ønskjer ein introduksjon til dei musikalske uttrykksformene i samtida.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* er kjend med ulike notasjonsmåtar innan samtidsrepertoaret

* kjenner til eit breitt utval teknikkar innanfor hovudinstrumentet

Ferdigheiter

Studenten ..

* har metodar for å anvende og innstudere dei mest sentrale teknikkane på hovudinstrumentet

Generell kompetanse

Studenten ..

* har eit oversyn over samtidsmusikkhistoria i form av kjennskap til verk og musikkfilosofi.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt et tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet omfattar:

- ulike former for notasjon

- sceniske verkemiddel

- eksperimentelle teknikkar og særskilde effektar for ulike instrument

- bruk av lydfesta materiale

- elektroniske verkemiddel

- intonering og mikrointervallar

Studenten innstuderer to kontrasterande verk som blir framført på konsert og eksamen. Det eine verket skal også presenterast munnleg, og det andre skal omtalast i ein programtekst (1-2 sider).

Gjennom eit eige lytterepertoar skal studenten få kjennskap til og oversyn over sentrale samtidsverk. Det blir også arbeidd med «intuitiv musisering», dvs. eksperimentering med grunnleggjande element (tonar, rytme, dynamikk og klangfarge) og former i musikken.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- førelesingar

- gruppearbeid

- ensembleprøver

- godkjent liste over lytterepertoar som inneheld 20-25 verk med relevans for studenten sitt hovudinstrument.

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen er ei konsertframføring av minst eitt verk, normalt gjennomført i vårsemesteret.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV218 Samtidsmusikk.

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Konsert

    Trekkfrist
    15.11.2017