Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Tidleg musikk, ensemble I

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUV246
  • Talet på semester2
  • Språk

    Norsk og/eller engelsk.

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret, og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gjev grunnlag for interpretasjon innanfor historisk orientert framføringspraksis, utan at bruk av periodeinstrument er naudsynt. For studentar med klaver som instrument er det naturleg at emnet gir ein introduksjon i historiske tasteinstrument.

MUV246 Tidleg musikk, ensemble I gjev innføring i repertoar frå renessanse, barokk, klassisk eller romantisk stil. Her blir utøving og refleksjon kombinert gjennom framføring, lytting, kjeldestudium, ensembleaktivitetar og fellestimar. Den einskilde studenten velger sitt/sine fagområde for fordjuping.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kjenner dei generelle stiltrekka i repertoarområdet ein fordjupar seg i

* kan søkje og finne kjeldemateriale i musikkmanuskript og tekstar knytt til repertoarområdet ein fordjupar seg i

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan utøve tidleg musikk på eige hovudinstrument

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan anvende tileigna kunnskap i framføring av musikk frå repertoarområdet ein fordjupar seg i.

Krav til forkunnskapar

Emnet kan søkjast av studentar med hovudinstrument med relevans for stilen ein veljer som fordjupingsområde.

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande.

Søkjarar med utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar må kunne dokumentere tilsvarande bakgrunn.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studiet omfattar eiga øving, lesing av relevant litteratur, deltaking i førelesingar og fellestimar, ensembleprosjekt.

Førelesingane gjev ein introduksjon til interpretasjonshistorikk og stilforståing. Herunder ligg meir stilspesifikke emne som diminusjonspraksis, ornamentikk, generalbassakkompagnement, temperering, improvisasjon, skuleretningar etc.

I fellestimane vert det arbeidd med praktiske øvingar, innstudering og framføringar.

Ensembleundervisning/prosjektprøver vert arrangert etter avtale.

Det vert lagt stor vekt på utveksling og vidareføring av kunnskap og erfaring mellom studentane i faget, gjennom studentførelesingar og prøver. Det er forventa at studentane arbeider sjølvstendig gjennom eiga øving. Innøvd og framført ensemblerepertoar: om lag 30 minutt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- fellestimar

- ensembleprøver

- konsertar

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Mappevurdering av:

mappevurdering av tre konsertframføringar eller lydopptak gjennomført i løpet av studieåret. Om det vert gjennomført fleire konsertar/lydopptak, må studenten oppgje kva for slike som høyrer med i mappevurderinga.

konsertframføringane/lydopptaka som inngår i vurderingsgrunnlaget vert vekta likt.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Fagleg overlapp

 Emnet erstattar og har fullt overlapp med MUV222 Tidleg musikk, ensemble I.

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@kmd.uib.no