Liturgikk og hymnologi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester. |
| Fagleg overlapp | Emnet erstatter delvis MUV2074 Liturgisk teori og praksis. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår.
Læringsutbyte
Studenten i fullført emne
- kjenner til gudstenesteordningane og salmeboka for Den norske kyrkja,
- kjenner liturgien og salmane si historie frå bibelsk tid til i dag,
- har ei forståing av idégrunnlaget for kyrkjemusikken.
Kontaktinformasjon
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no
Undervisningssemester
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Mål og innhald
Emnet skal førebu studentane på gudstenestleg arbeid som tilsette i Den norske kyrkja sine kyrkjelydar. Gjennom studiet skal studentane tileigna seg relevante kunnskapar i liturgikk og hymnologi og praktiske kunnskapar i liturgisk song og salmesong.
Emnet er retta inn mot tenestegjering som kantor/organist i Den norske kyrkja. Dei liturgiske bøkene og ordningane til kyrkja blir lagt til grunn.
Læringsutbyte/resultat
Studenten i fullført emne
- kjenner til gudstenesteordningane og salmeboka for Den norske kyrkja,
- kjenner liturgien og salmane si historie frå bibelsk tid til i dag,
- har ei forståing av idégrunnlaget for kyrkjemusikken.
Krav til forkunnskapar
Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår.
Fagleg overlapp
Emnet erstatter delvis MUV2074 Liturgisk teori og praksis.
Undervisning og omfang
Undervisninga omfattar førelesingar, praktiske øvingar og oppgåverettleiing.
1. Liturgikk
Lesepensumet i emnet omfattar følgjande moment:
- Gudstenesteordningane til Den norske kyrkja
- salmeval til desse
- dei kyrkjelege handlingane
- kyrkjeåret
- kyrkjerommet og symbola
- innføring i prinsipiell liturgikk
- liturgihistorisk oversikt
bibel- og idégrunnlaget til kyrkjemusikken.
2. Hymnologi
Lesepensumet omfattar innføring i salme- og koralhistorie med utgangspunkt i dei viktigaste salme- og koralbøkene som har vore i bruk frå reformasjonen til i dag. Eit pensum på femti koralar, frå eldre og nyare tid, skal leggjast opp som eksempelmateriale.
Obligatoriske arbeidskrav
- Delta på førelesingar, inkludert praktiske øvingar og oppgåverettleiing.
- Skriftleg oppgåve på rundt 2000 ord over sjølvvald tema.
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.
Vurderingsformer
Praktisk/munnleg eksamen som omfattar ei prøve i det teoretiske pensum og ei prøve i liturgisk song og salmesong. Kandidaten skal kunne resitere ei kollektbøn, delar av messa sitt ordinarium og salmar frå koralpensumet utan notestøtte.
Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar. Ein av desse kan vere faglærar.
Karakterskala
Bokstavkarakterar frå A til F.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no