Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Nyare komposisjonsteknikkar, for utøvarar

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMUV281
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og/eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga starter i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet vil presentere ulike teknikkar og metodar innanfor kunstmusikkfeltet i det 20. og 21. hundreåret, med vekt på kreativ utnytting av desse i eige arbeid.

Emnet er retta mot utøvarar innanfor klassisk og jazzutøving som ønskjer ei innføring i aktuelle komposisjonsteknikkar og metodar innanfor ein samtidsmusikalsk tradisjon, og som har interesse for eiga musikkskaping.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* er kjend med eit utval av aktuelle teknikkar og arbeidsformer

Ferdigheiter

Studenten ..

* er i stand til å bruke desse som metodar for å skape eigne musikalske former og løysingar

Generell kompetanse

Studenten ..

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon, eller tilsvarande.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet omfattar:

  • gjennomgang av eit utval sentrale teknikkar og arbeidsformer typiske for ein stilperiode, tidsperiode eller personalstil
  • etydar og workshops som på sjølvstendig grunnlag utforskar og vidarefører desse teknikkane i eiga komponering
  • Innstudering og framføring av desse komposisjonane
  • Seminar og diskusjonar rundt gjennomførte løysingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Førelesningar, seminar, gruppe- og prosjektarbeid
  • Komponering av minimum tre ulike verk på til saman minimum 10 minutt
  • Dokumentert aktiv medverking i innstudering og framføring, som musikar, ensembleleiar eller liknande
  • Konsertframføringar av alle komposisjonane (dokumentert gjennom lydfesting)

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen blir gjennomført som mappevurdering. Mappa skal innehalde:

- Minimum tre verk/komposisjonar på til saman minimum 10 minuttar. Verka skal følgjast av partitur/anna høveleg notasjon/arbeidsframstilling av komposisjonen, til bruk for innstudering og framføring.

- Lydfesting av framføring av dei innleverte komposisjonane

- Ein kort skriftleg refleksjon/utgreiing for kvart verk

Mappedelane vert vekta likt.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Trekkfrist
    15.11.2017