Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Innføring i norsk folkemusikk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMVK105
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor.

Undervisningssemester

 Vår.

Undervisningsstad

 Bergen.

Mål og innhald

 Emnet gjer ein introduksjon i vitskaplege studiar av norsk folkemusikk. Norsk folkemusikk vil settas inn i historiske, sosiale, kulturelle, geografiske og musikkstilistiske kontekstar. I emnet vil studentane få innsyn i dei historiske kjelder (til dømes lyd opptak, transkripsjoner, skriftlig dokumentasjon og anna arkivmateriale) og metodane som nyttas i forskinga kring norsk folkemusikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten..

- Kan nytte kjeldemateriale frå norsk folkemusikk i eigne analysar

Ferdigheiter

Studenten..

- Kan nytte kjeldemateriale frå norsk folkemusikk i eigne analysar

Generell kompetanse

Studenten..

- Kan plassera norsk folkemusikk i historiske, sosiale, kulturelle, geografiske og musikkstilistiske kontekstar.

Krav til forkunnskapar

 Ingen.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Førelesingar; obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving; oppgåveseminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 - Oppmøte på førelesingar.

- Obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving.

- Delta på oppgåveseminar. Studentane skal munnleg presentera dei skriftlege arbeida.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

 Mappevurdering: Studentane skriv 2 arbeid som til saman utgjer ca. 15 sider. Oppgåvene vektas likt. Alle arbeida må vere bestått i same semester.

Intern sensur.

Karakterskala

 Bokstavkarakterar frå A til F.

Fagleg overlapp

 Ingen.

Litteraturliste

 Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 1000 sider.

Emneevaluering

 Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

 Griegakademiet - Institutt for musikk og Arne Bjørndals samling.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 1

    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 2