| Studiepoeng | 5 |
| Undervisningssemester | Haustsemesteret. |
| Fagleg overlapp | NOFI106 og NOFI105 overlappar, og ein vil ikkje få uteljing for meir enn 15 studiepoeng om ein tek begge emna. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
Krav til forkunnskapar
Ingen. Grunntekstane kan lesast i omsetjing.
Læringsutbyte
Etter å ha studert emnet skal studentane kjenne hovuddraga i gammalnordisk mytologi og kult og dei fleste av tekstane som gjev mest opplysningar om dette.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Undervisningssemester
Haustsemesteret.
Undervisningsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Mål og innhald
Målet med dette emnet er at studentane skal få grunnleggjande kjennskap til gammalnordisk mytologi og til dels kult, med utgangspunkt i dei viktigaste norrøne tekstane.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha studert emnet skal studentane kjenne hovuddraga i gammalnordisk mytologi og kult og dei fleste av tekstane som gjev mest opplysningar om dette.
Krav til forkunnskapar
Ingen. Grunntekstane kan lesast i omsetjing.
Tilrådde forkunnskapar
NOFI101. Kjennskap til norrønt språk er alltid ein fordel i studiet av kulturen vi møter i dei norrøne tekstane.
Fagleg overlapp
NOFI106 og NOFI105 overlappar, og ein vil ikkje få uteljing for meir enn 15 studiepoeng om ein tek begge emna.
Undervisning og omfang
Førelesingar: 10 timar i løpet av tre veker.
Undervisninga er felles med NOFI105.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Munnleg prøve, utan hjelpemiddel, 2-3 veker etter siste førelesing.
Karakterskala
Bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum:
A. Grunntekstar
Frå Eddadikt, oms. Ludvig Holm-Olsen:
-Voluspå
-Håvamål strofe 104-111 og 138-141
-Vavtrudnesmål
-Grimnesmål
-Loketretta
-Trymskvadet
Frå Den yngre Edda / Snorre-Edda:
-Gylvaginning
-Prosaforteljingane i Skaldskaparmål,
t.d. i Erik Eggen si omsetjing (Samlaget, mange utgåver).
B. Sekundærlitteratur
Ei brei framstilling av norrøn religion, t.d. Gro Steinsland, Norrøn religion. Myter, riter, samfunn, Oslo: Pax (2005) s. 11 - 392; dessutan eit utval av artiklar eller kapittel som gjev eit utfyllande bilete eller kastar lys over grunntekstane i pensumet, til saman om lag 450 sider.
Instituttet gjev framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no