Norrøn filologi mastergradsoppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 60 |
| Undervisningssemester | Både vår- og haustsemesteret. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
Krav til forkunnskapar
Problemstillinga eller prosjektet skal vere godkjent i det prosjektførebuande emnet (NOLISP300) før arbeidet tek til.
Læringsutbyte
Studentane skal ha gjennomført, og skriftleg presentert resultatet av, eit sjølvstendig vitskapleg arbeid. Dei skal kunne gjere greie for, diskutere og vurdere teorigrunnlag, materialval og metode i dette arbeidet og relatere det til andre studiar i same forskingsfelt.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Undervisningssemester
Både vår- og haustsemesteret.
Undervisningsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
Studienivå
Master.
Krav til studierett
Opptak til masterstudiet i norrøn filologi.
Mål og innhald
Masteroppgåva skal skrivast om eit sjølvvalt emne som skal endeleg godkjennast av rettleiar. Oppgåva skal vere ei vitskapleg gransking basert på norrønt primærmateriale, men det er òg rom for å skrive forskingshistoriske arbeid. I oppgåva må studentane dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for emnet.
Mastergradsoppgåva skal normalt ha eit omfang på 70-110 sider (om lag 20000-35000 ord). Ulike vedlegg kan kome i tillegg til dette sideomfanget. Slike vedlegg kan omfatte tabellar, korpusoversikter, avskrifter av primærkjelder og anna grunnlagsmateriale.
Avhandlinga skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål), svensk eller dansk, eller på eit anna språk etter etter avtale med rettleiar. Eit stutt samandrag av innhaldet på norsk og engelsk (1-2 sider) skal takast med i oppgåva. Samandraget skal innehalde opplysningar om namnet på forfattaren og tittelen på oppgåva, kort presentasjon av emnet, kva materiale avhandlinga byggjer på (primærmateriale og eventuelt dei viktigaste sekundærkjeldene), problemstillingar og metode/tilnærmingsmåte, disposisjon av stoffet, og til slutt konklusjonen og resultatet som oppgåva legg fram.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal ha gjennomført, og skriftleg presentert resultatet av, eit sjølvstendig vitskapleg arbeid. Dei skal kunne gjere greie for, diskutere og vurdere teorigrunnlag, materialval og metode i dette arbeidet og relatere det til andre studiar i same forskingsfelt.
Krav til forkunnskapar
Problemstillinga eller prosjektet skal vere godkjent i det prosjektførebuande emnet (NOLISP300) før arbeidet tek til.
Undervisning og omfang
Arbeidet med masteroppgåva skjer i nært samarbeid med ein fagleg rettleiar. Instituttet har utarbeidd ein særskilt kontrakt mellom student og rettleiar, der rettar og plikter for dei to partane er nærmare forklart. Denne kontrakten skal vere underteikna innan utgangen av det første semesteret. Både rettleiar og student må leggje vekt på at emnet og opplegget for masteroppgåva gjer det mogleg å fullføre arbeidet innanfor normert studietid.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen.
Vurderingsformer
Mastergradsstudiet blir avslutta med innleveringa av masteroppgåva. I det same semesteret må studenten også melde seg opp til og halde ei munnleg prøveførelesing, NOFI303.
Masteroppgåva skal leverast elektronisk i PDF-format på Mi side innan ein frist som kvart semester blir kunngjord der. Instituttet tek seg av å trykkje opp oppgåva til bruk for eksamenskommisjonen på grunnlag av den innleverte filen.
Kvart eksamensresultat i masterstudiet blir oppgjeve for seg i vitnemålet saman med namnet på emnet og kor mange studiepoeng det representerer.
Det vert ikkje halde nokon avsluttande munnleg eksamen, og det vert heller ikkje utrekna nokon samla karakter for masterfaget.
Karakterskala
Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.
Undervisningsstad
Bergen.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no