Nordisk: Prosjektførebuande emne

Fakta om studiet

EmnekodeNOLISP300
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

Det mest direkte målet med emnet er at studenten skal planleggje arbeidet med masteroppgåva si. Eit meir overordna mål er oppøving til dugleik i kritisk drøfting og vurdering av eiga og andre si forsking på ulike stadium av planlegginga og gjennomføringa.

Dette skjer i nært samarbeid med medstudentar, rettleiarar og faglærarar og føreset aktiv deltaking i undervisninga. Studenten skal ikkje berre arbeide med sine eigne planar, men vere med på drøftingar av planane til medstudentane med sikte på å hjelpe dei framover.

Arbeidet med planane for masteroppgåva femner om

- tema, problemstilling og forskingsspørsmål

- teoretisk grunnlag, faglitteratur, sekundærkjelder

- avgrensing av primærkjeldematerialet

- faghistorisk plassering

- vitskaplege metodar

- framdriftsplan

- tekstdisposisjon

alt tilpassa det planlagde arbeidet.

Arbeidet skal byggjast på faglege kunnskapar og innsikter, og det er eit mål med emnet at studenten skal få øving i å skaffe seg nødvendig informasjon og kunnskap ved sjølvstendig innsats.

Seinast innan midten av semesteret skal kvar einskild student ha etablert kontakt med ein framtidig rettleiar for masteroppgåva. Faglærarane hjelper til med dette i samråd med fagkoordinatorane.

Læringsutbyte

Når emnet er gjennomført, skal studenten ha tileigna seg dugleik i å

- planleggje eit forskingsarbeid ved å formulere tematisk avgrensing, problemstilling og forskingsspørsmål, gjere greie for teoretisk og faghistorisk plassering, metodar og materiale, setje opp tidsplan og tekstdisposisjon

- presentere eigne forskingsplanar munnleg og skriftleg

- presentere, drøfte og vurdere tidlegare forskingsarbeid

- fremje andre sine planlagde forskingsarbeid ved konstruktiv drøfting og kritikk

Undervisningssemester

Vår. Andre eller eventuelt første semester av masterstudiet.

Studienivå (studiesyklus)

Master

Krav til studierett

Masterprogram i nordisk språk og litteratur eller masterprogram i norrøn filologi eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar tilsvarande éin dobbeltime i veka i 13 veker. Delar av seminaret kan verte erstatta av meir spesifikke kurs, t.d. i teksthandsaming, bibliotekbruk o.a. Ut frå faglege behov og avhengig av undervisningsressursar kan det vere aktuelt å opprette fleire grupper i delar av semesteret.

Av omsyn til studentar som er ute i obligatorisk undervisningspraksis, kan seminarundervisninga eller delar av den verte lagd utanom kjernetida (fortrinnsvis kl. 16.15-18.00).

Individuell rettleiing på prosjektskissa.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande aktivitetar er obligatoriske:

  • tre munnlege innlegg på seminaret med utgangspunkt i utviklinga av prosjektidé
  • levering av eit utkast til prosjektskisse

I minst eitt av dei munnlege innlegga skal studentane presentere og gjere greie for det faglege/teoretiske innhaldet i pensumlista. Faglærarane fastset elles tema for innlegga i samsvar med måla for emnet. Dei munnlege innlegga skal normalt vare om lag fem til ti minutt og må innhaldsmessig og formelt tilfredsstille vanlege krav til kunnskap og dugleik på masternivå.

Skisseutkastet skal leverast innan ein frist og i samsvar med retningslinjer som institutt og faglærarar fastset. Informasjon om dette vert gjeven i undervisninga og på Mi side.

Lengda på presentasjonane skal maks. vere 10 minutt med tillegg av ein diskusjon på maks. 10 minutt.

Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Ei prosjektskisse på inntil 5000 ord (litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna) skriven under rettleiing og i samsvar med nærare retningslinjer som faglærarane fastset og gjer kjende i undervisninga og på Mi side. Instituttet fastset fristen for levering av skissa.

Munnleg prosjektpresentasjon av prosjektskissa på maksimalt ca. 10 minutt med tillegg av ein diskusjon på maksimalt 10 minutt. Instituttet gjev nærare retningslinjer for presentasjonen og fastset tidspunktet.

Ein må stå på begge delane i same semester for å stå på emnet.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd.

Læremiddelomtale

Det er ikkje definert noko fast pensum for emnet, men studentane pliktar å skaffe seg den litteraturen som deltaking i undervisning, obligatoriske aktivitetar og prosjektskisseskriving krev. Den ferdig innleverte prosjektskissa skal ha ei litteraturliste som speglar det teoretiske, metodiske og faghistoriske grunnlaget for masterprosjektet.

Undervisningsstad

Bergen.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.