Kurs i norsk språk og kultur for framandspråklege studentar, trinn 3

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Norskkursa gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål.

NOR-U3 er for vidarekomne og bygger på NOR-U1/2 eller NOR-U2.

Emnet skal gjere studentane i stand til å bruke norsk munnleg og skriftleg med rimeleg god presisjon, både reseptivt og produktivt, i allmenne og faglege samanhengar. Ein vil arbeide med norsk språkstruktur, ordtilfang og idiomatiske uttrykk. Ein vil ta opp ulike tema gjennom kurset, og deltakarane vil få kunnskap om og innsikt i tema som norsk geografi, historie, litteratur og aktuelle samfunnsspørsmål.

UiBs norskkurs kan kombinerast på følgjande måtar:

  1. NOR-U1 (15 sp) + NOR-U2 (15 sp) + NOR-U3 (15 sp) + NOR-U4 (10 sp)
  2. NOR-U1/2 (30 sp) + NOR-U3 (15 sp) + NOR-U4 (10 sp)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal

  • kunne beherske hovedreglane i norsk grammatikk.

Ferdigheiter

Studenten skal

  • vere i stand til å samtale på norsk om allmenne emne og føre ein fagleg diskusjon på relativt flytende norsk
  • kunne forstå forelesingar på norsk og ta notatar
  • kunne lese og forstå norske fagbøker, aviser og skjønnlitteratur utan særlege vanskar
  • kunne uttrykke seg skriftleg om allmenne og faglege emne utan feil som hindrar at meninga kjem fram

Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha tilstrekkelege ferdigheiter og kunnskapar til å tilfredsstille det generelle norskkravet for å kunne studere ved universitet og høgskular i Norge

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Ikkje aktuelt.

Undervisningssemester

Haust/vår.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
NOR-U2 eller tilsvarande kunnskaper og ferdigheiter i norsk språk.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Det er fagleg overlapp mellom NOR-U3 og det nedlagte emnet NOR-U2/3.
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer

Kurset har ca. 80 timar med undervisning.

Det blir forventa at studentane er førebudd og deltar aktivt i timane.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering (1. februar / 1. september).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på kurset. Studentar som er borte meir enn 25 %, vil ikkje få gå opp til eksamen. Studentane skal i løpet av semesteret levere minst fem skriftlege oppgåver.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestra.

Vurderingsformer

Kurset blir avslutta med ein eksamen som inneheld ein munnleg og ein skriftleg del på norsk bokmål.

Munnleg del av eksamen varar ca. 15 minutt når eksamen er ein samtale mellom eksaminator og éin student og ca. 20 minutt når eksamen er ein samtale mellom eksaminator og to studentar. Den skriftlege delen er ein femtimars digital skuleeksamen som testar lytte-, lese- ogskriveferdigheiter. Det blir gitt ein samla karakter. Skriftleg del av eksamen vil telje ca 2/3, og munnleg delav eksamen tel ca 1/3.

Ein kan berre ta eksamen éin gong i semesteret, og både munnleg og skriftleg delmå vere bestått for at emnet skal vere bestått.

Som ein generell regel har ein tre eksamensforsøk i et emne. Dette blir regulert av Forskrift om opptak mv. ved UiB § 6.8.

Karakterskala
Karakterskala frå A til F.
Vurderingssemester
Haust/vår.
Litteraturliste
Pensumlista blir annonsert i starten av semesteret.
Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets retningslinjer og UiBs kvalitetssikringssystem.

Evalueringa kan gjennomførast skriftleg eller munnleg.

Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne, verken på munnleg eller skriftleg eksamen.
Programansvarleg
Programstyret for Norskkursa.
Emneansvarleg
Programstyret for Norskkursa.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.