Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kurs i norsk språk og kultur for framandspråklege studentar, trinn 3

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeNOR-U3
  • Talet på semester1
  • Språk

     Norsk bokmål

  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Norskkursa gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål

NOR-U3 er for vidarekomne og bygger på NOR-U1/2 eller NOR-U2.

Emnet skal gjere deltakarane i stand til å bruke norsk munnleg og skriftleg med rimeleg god presisjon, både reseptivt og produktivt, i allmenne og faglege samanhengar. Ein vil arbeide med norsk språkstruktur, ordtilfang og idiomatiske uttrykk. Ein vil ta opp ulike tema gjennom kurset, og deltakarane vil få kunnskap om og innsikt i tema som norsk geografi, historie, litteratur og aktuelle samfunnsspørsmål.

Kursa kan kombinerast på følgjande måte:

  1. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2 (15 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  2. NOR-U1/2 (30 Stp) + NOR-U3 (15 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)
  3. NOR-U1 (15 Stp) + NOR-U2/3 (30 Stp) + NOR-U4 (10 Stp)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Studentane skal kunne beherske hovedreglane i norsk grammatikk.

Ferdigheiter

  • Studentane skal vere i stand til å samtale på norsk om allmenne emne og føre ein fagleg diskusjon på relativt flytende norsk.
  • Dei skal også kunne forstå forelesingar på norsk og ta notatar.
  • Dei skal kunne lese og forstå norske fagbøker, aviser og skjønnlitteratur utan særlege vanskar.
  • Dei skal kunne uttrykke seg skriftleg om allmenne og faglege emne utan feil som hindrar at meninga kjem fram.

Generell kompetanse

  • Studentane skal ha tilstrekkelege ferdigheiter og kunnskapar til å tilfredsstille det generelle norskkravet for å kunne studere ved universitet og høgskular i Norge.

Krav til forkunnskapar

 NOR-U2 eller tilsvarande kunnskaper og ferdigheiter i norsk språk.

Studiepoengsreduksjon

Det er fagleg overlapping mellom NOR-U3 og NOR-U2/3. Desse to emna kombinert vil derfor berre gi 30 studiepoeng til saman.

Krav til studierett

For meir informasjon om opptak:

Studentar, Innvandrarar/flyktningar:

http://www.uib.no/utdanning/48604/norsk-som-andrespr%c3%a5k-norskkurs

Tilsette ved UiB:

http://www.uib.no/lle/24583/norskkursene

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kurset har ca. 80 timar med undervisning.

Det blir forventa at studentane er førebudd og deltar aktivt i timane

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på kurset. Deltakarar som er borte frå kurset meir enn 25 %, vil ikkje få gå opp til eksamen.

Dei skal i løpet av kurset levere minst fem skriftlege oppgåver.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og dei påfølgjande to semestra.

Vurderingsformer

Kurset blir avslutta med ein eksamen som inneheld ein munnleg og ein skriftleg del på norsk bokmål

Munnleg del av eksamen varar ca. 15 minutt når eksamen er ein samtale mellom eksaminator og ein student og ca. 20 minutt når eksamen er ein samtale mellom eksaminator og to studentar.

Skriftleg del av eksamen varar i 5 timar og testar lytte-, lese- og skriveferdigheiter.

Det blir gitt ein samla karakter. Her vil skriftleg del av eksamen telje ca 2/3, og munnleg del av eksamen tel ca 1/3. Både munnleg og skriftleg del av eksamen må vere bestått.

Når det gjeld talet på vurderingsforsøk, sjå forskrift om opptak, studium, vurdering og gradar ved Universitetet i Bergen § 6.8. Studentar som har vore oppmeldt i NOR-U3 tre gongar, kan ikkje melde seg opp til undervisning og eksamen i NOR-U2/3 på grunn av fagleg overlapping.

Karakterskala

 Karakterskala frå A til F  

Vurderingssemester

 Haust/Vår

Litteraturliste

Pensumliste kunngjøres ved semesterstart.

Tekstmaterialet vil bestå av skjønnlitteratur, sakprosa og aktuelle avisartikler samt ulike typer oppgaver. Dette kan være en lærebok eller et kompendium. Studentene trenger også ordbok og grammatikkbok.

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets sine retningslinjer og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Det kan for eksempel være tilbakemelding i form av evalueringsskjema eller dialog med emneansvarlig.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    23.11.2017
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      07.12.2017
      Varigheit
      5 timer
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen