Nettbasert kurs i norsk som andrespråk, trinn 3
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår eller haust |
| Fagleg overlapp | Det er fagleg overlapp mellom NOR-U603 og NOR-U3. Det er også delvis overlapp mellom NOR-U603 og NOR-U2/3. Desse to emna kombinert kan maksimalt gje 30 studiepoeng. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Deltakarane må ha bestått NOR-U2 eller dokumentere tilsvarande nivå for å kunne begynne på trinn 3. Deltakarane må ha tilgang til datamaskin med oppkopling mot Internett og e-post.
Læringsutbyte
Ved fullført kurs skal deltakarane kunne snakke norsk med ein god uttale. Dei skal kunne føre ein fagleg diskusjon på relativt flytande norsk. Dei skal kunne uttrykke seg skriftleg om allmenne og faglege emne utan feil som hindrar at meininga kjem fram. Dei skal
Kontaktinformasjon
SEVU, Universitetet i Bergen, Postboks 7800, 5020 BERGEN Tlf.: 55 58 20 40 E-post: post@sevu.uib.no
Undervisningssemester
Vår eller haust
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til studierett
Eige opptak til NOR-U603.
Mål og innhald
Emnet skal gjere deltakarane i stand til å bruke norsk munnleg og skriftleg med rimeleg god presisjon, både reseptivt og produktivt, i allmenne og faglege samanhengar. Ein vil mellom anna arbeide med norsk språkstruktur, ordforråd og idiomatiske uttrykk. Ein vil ta opp ulike tema gjennom kurset, og deltakarane vil få kunnskap om og innsikt i tema som norsk geografi, historie, litteratur og aktuelle samfunnspørsmål.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført kurs skal deltakarane kunne snakke norsk med ein god uttale. Dei skal kunne føre ein fagleg diskusjon på relativt flytande norsk. Dei skal kunne uttrykke seg skriftleg om allmenne og faglege emne utan feil som hindrar at meininga kjem fram. Dei skal
Krav til forkunnskapar
Deltakarane må ha bestått NOR-U2 eller dokumentere tilsvarande nivå for å kunne begynne på trinn 3. Deltakarane må ha tilgang til datamaskin med oppkopling mot Internett og e-post.
Fagleg overlapp
Det er fagleg overlapp mellom NOR-U603 og NOR-U3. Det er også delvis overlapp mellom NOR-U603 og NOR-U2/3. Desse to emna kombinert kan maksimalt gje 30 studiepoeng.
Undervisning og omfang
Det er eit deltidsstudium over ett semester. All undervisning og rettleiing er nettbasert. Kurset vil innehalde både lærarinvolverte, individuelle og gruppebaserte aktivitetar. Det vil vere synkrone nettmøte med lærar. Her vil det være undervisning, diskusjonar og nettprat til bestemte tider. Det vil og vere debattforum, gruppearbeid og innlevering av skriftlege oppgåver. Deltakarane vil få tilgang til ein database med bl.a. tekstar og interaktive oppgåver. Ein studiemanual vil gje ein detaljert plan over undervisning, aktivitetar og obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske arbeidskrav
Deltakarane må i løpet av kurset levere minst sju individuelle mappetekster og sju gruppeinnleveringar. Oppgåvene skal godkjennast av læraren. Det er obligatorisk deltaking på nettmøte med lærar. Dei som har meir enn 25% fråvær, vil ikkje få gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Kurset blir avslutta med ein eksamen som inneheld fleire delprøver som testar både munnleg og skriftleg ferdigheit. Det vert gjeve ein samla karakter.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Læremiddelomtale
Kursmaterialet er i hovudsak nettbasert, og deltakarane vil få tilgang til ein database med tekstar, interaktive oppgåver, grammatikk, ordforklaringar, lyd- og biletmateriale. Etter behov vil ein nytte ekstra tekstmateriell (kompendium, grammatikk osv.)
Undervisningsstad
Fjernundervisning på internett.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt
Kontaktinformasjon
SEVU, Universitetet i Bergen, Postboks 7800, 5020 BERGEN Tlf.: 55 58 20 40 E-post: post@sevu.uib.no