Gå til innhold
English A A A
Emne OD2PATI

Generell patologi og immunologi

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 9
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Læringsmål

Kunnskapar

Kandidaten skal kunne greie ut om:

  • dei grunnleggjande biologiske/immunologiske mekanismane som ligg til grunn for utvikling av sjukdom
  • immunapparatet si tyding for kroppen sitt infeksjonsforsvar og konsekvensar av immunsvikt og immunologisk overreaksjon
  • diagnostiske arbeidsmetodar innan patologi og immunologi og kunne applisere desse på aktuelle organ og vev i kroppen
  • dei grunnleggjande morfologiske trekka (makroskopiske og mikroskopiske) ved aktuelle sjukdomsprosessar

Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne:

  • påvise patologiske endringar i eit organ
  • nytte mikroskop for immunologiske undersøkingar

Holdningar

Kandidaten skal:

  • utvikle respekt for menneskekroppen
  • utvikle respekt for pasientane sine sjukdomar
  • forstå tydinga av teieplikt når det gjeld pasienten sin anamnese
  • sjå munnhola som ein del av heile kroppen
  • utvikle nysgjerrigheit for mekanismar som ligg til grunn for utvikling av sjukdom

Fagleg innhald

Faget omfattar læra om sjukdomsprosessane i si alminnelegheit, korleis dei manifesterer seg i organa, bygnaden, funksjonen og reaksjonsmekanismane til immunsystemet, korleis redusert immunforsvar gir nedsett infeksjonsforsvar og kan føre til tumorutvikling og autoimmunsjukdom, korleis immunologisk overreaksjon gir overømfintlegheit (allergi) samt korleis sjukdomar kan diagnostiserast ved hjelp av metodar som er vanlege i patologien. I immunologidelen blir det lagt vekt på basale prinsipp med eksempel frå sjukdomstilstandar og kliniske symptom som er relevante for tannlegar.

Undervisningsmetodar

Undervisninga omfattar forelesingar, demonstrasjonar og kurs i mikroskopi samt laboratoriekurs i immunologi med journal som leverast inn for godkjenning av faglærar.

Lærestoff blir lagt ut i studentportalen. Tovegs kommunikasjon mellom lærar og studentar skjer via studentportalen

Vurdering / eksamensformer

Studentane har tilbod om å levere inn ei heimeoppgåve som blir godkjend av faglærar med tilbakemelding til studentane.

Undervisninga blir avslutta med ein 4 timar lang skriftleg eksamen. Prøve i 4. semester.