Forskingsmetode

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Metodeemnet skal sette studentane i stand til å planlegge eit sjølvstendig forskingsarbeid. I fellesdelen av emnet er målet at studentane skal tileigne seg eit vitskapsteoretisk grunnlag for å forstå ulike forskingsmetodiske tilnærmingar. Studentane skal også kunne vurdere forskingslitteratur, forskingsresultat og vere i stand til å reflektere kritisk og etisk over sentrale metodiske framgangsmåtar og fortolkingspremiss. I andre del av emnet skal studentane fordjupe seg i ein vald metodetilnærming (kvalitativ/kvantitativ). Studentane skal få djupare kjennskap til den framgangsmåten dei har valt, slik at dei er i stand til å gjennomføre og drøfte innsamling og analyse av materiale.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om ulike vitskapeleg paradigme og forklaringsmåtar
  • har kunnskap om sentrale omgrep og teoriar innanfor kvalitative og kvantitative metodar
  • har kunnskap om mixed methods
  • har kunnskap om forskingsetiske problemstillingar og formelle forskingsetiske prosedyrar
  • har kunnskap om det vitskapsteoretiske perspektivet og teoriane den metoderetninga dei vel å fordjupa seg i, er forankra i

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan drøfte forskingsetiske problemstillingar i pedagogisk forsking
  • kan reflektere over og diskutere ulike vitskapelege paradigme og forklaringsmåtar
  • kan reflektere over og diskutere ulike gyldigheitskrav i kvantitative og kvalitative metodetradisjonar
  • kan demonstrere praktiske ferdigheiter med konkrete metodar for datainnsamling og analyse

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan analysere og stilla seg kritisk til ulike forskningsresultat
  • kan vurdere pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid

Fulltid/deltid

Fulltid.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Vår, annakvart år.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i pedagogikk.

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet kombinerer forelesingar, seminar, litteraturstudiar og praktiske øvingsoppgåver.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet nyttar ikkje obligatoriske aktivitetar.

Vurderingsformer

Emnet nyttar ein heimeeksamen over 10 dagar.

Karakterskala
Ved sensur av heimeeksamen nyttast karakterskalaen A-F.
Vurderingssemester

Vår/haust, anna kvart år.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Litteraturlista er på 1000 sider (+/- 10 %). Delar av litteraturen kan vere tilgjengeleg i form av eit kompendium. Det blir forventa at studentane gjer seg kjent med ulike søkeportalar for sjølv å kunne finne fram til anbefalt litteratur og anna relevant litteratur på internett.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.

Programansvarleg

Insituttt for pedagogikk.

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.