Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Grunnkurs i mekanikk og varmelære

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i dei grunnleggjande omgrepa i mekanikk og varmelære: Rørsle, kraft, energi og effekt, rotasjon, temperatur og varme, hovudsetninga i varmelæra, svingingar, bølgjer og lyd med døme på bruk i andre fag.

Emnet er først og fremst meint som eit brukarkurs for andre fagområde enn fysikk, geofysikk og matematikk. Det vert lagt vekt på å få ei oversikt og forståing av fysikkomgrepa utan for mykje bruk av matematisk formalisme i framstillinga av stoffet.

Læringsutbyte

Ved fullført emne PHYS101 skal studenten kunne

  • forklare sentrale fenomen, omgrep og forklaringsmodellar i mekanikk og varmelære
  • bruke grunnleggjande lover og samanhengar til å løyse enkle oppgåver i mekanikk og varmelære
  • teikne skisser som systematiserer problemet i slike oppgåver

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Fysikk1 (2FY) og MAT101. MAT101 kan lesast parallelt.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timer. Midtvegseksamen, 2 timer, kan gjelde inntil 20% av endeleg karakter.

Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar og 5 A4-sider med studentane sine eigne notat. Notatane kan vere hand- eller maskinskrivne, men må kunne lesast utan hjelpemiddel som forstørringsglas. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjend i fakultetets eksamensreglement.

Deleksamen gjeld 1 semester. I semester utan undervisning tel avsluttende eksamen 100% av endeleg karakter.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

PHYS111: 3stp, PHYS113: 2stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen og midtveiseksamen

    Dato
    22.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    08.12.2017
    Sted
    • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

    • Eksamensdel: Midtveiseksamen

      Dato
      23.10.2017, 09:00
      Varigheit
      2 timer
      Sted